Lokal | 05. okt. 2017

Stal lastebil i narkorus

Lyssand Blomsterutsalg AS får erstatning etter tjuveri og kollisjon i Bergen.

Stal lastebil i narkorus
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. okt. 2017 19:57

Lista over lovbrot er lang, ei liste som blant anna inkluderer tjuveri av ein av lastebilane til Lyssand Blomsterutsalg i Hardangervegen i fjor sommar.

Sikta, ein mann i 40-åra frå Bergen, køyrde den stolne lastebilen utan førarkort, i narkorus, og var nær frontkollisjon før han kryssa over i motsett køyrefelt, skadde 28 meter av autovernet og knuste delar av fronten på lastebilen.

I Bergen tingrett var han og sikta for over ti andre punkt, blant anna båtbrukstjuveri, heleri, ruskøyring med både bil og båt, og for å ikkje stoppa etter trafikkuhell.

Tiltalte møtte i retten og innrømte straffeskyld for dei fleste postane.

«Det er straffeskjerpende at siktede flere ganger tidligere er domfelt for tilsvarende forhold (...) Det taler for en streng reaksjon at bilkjøringen har funnet sted på sentrumsnære og trafikkerte veier, samt at kjøringen ved to av tilfelle resulterte i ulykker» skriv Bergen tingrett i dommen.

Mannen blei dømt til 11 månadar fengsel. 106 dagar som han har sete i varetekt kjem til frådrag.

I tillegg blei han dømt til å betala erstatning:
• Lyssand Blomsterutsalg AS med 6000 kroner
• Gjensidige Forsikring med 110.757 kroner
• Ein privatperson med 4000 kroner
• Gjensidige Forsikring 15.068 kroner

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.