Lokal | 31. okt. 2014

Stal lastebil - sperra garasje

Bilist kontakta politiet då garasjen hans var sperra av ein lastebil. Så viste det seg at lastebilen er stolen.

Stal lastebil - sperra garasje
Lastebilen sperra porten inn til garasjeanlegget i Byvegen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 31. okt. 2014 09:02

Bildeserie:

Politiet var i morgontimane på staden for å sikra spor og få lastebilen fjerna (foto: AH)
Politiet var i morgontimane på staden for å sikra spor og få lastebilen fjerna (foto: AH)
Lastebilen har fått knust den eine baklykta (foto: AH)
Lastebilen har fått knust den eine baklykta (foto: AH)
1 av 2
Politiet var i morgontimane på staden for å sikra spor og få lastebilen fjerna (foto: AH)
Lastebilen har fått knust den eine baklykta (foto: AH)

Politiet fekk fredag morgon ein fortvila telefon frå ein mann som ikkje kom seg ut av garasjen sin i Byvegen.

Grunnen var enkel, på utsida av porten sto ein stor kvit lastebil på tvers.

– Det viser seg at lastebilen er stolen.

– Vi veit ikkje enno frå kor det er tatt, men har vore i kontakt med eigaren som vil anmelda forholdet i Bergen seinare i dag, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Patrulja frå lensmannskontoret er i formiddag på staden for å sikra spor og få flytta bilen.

– Vi har ikkje lappen på lastebil sjølv, men skal sørgje for å få den flytta så dei kjem seg ut av garasjeanlegget, fortel patrulja.

Bilen såg relativt uskadd ut, med unntak av eit lys bak som var delvis knust. Om det har skjedd i løpet av nattas ferd eller om det er ei tidligare skade er uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.