Patrulja frå Os lensmannskontor er og undersøker åstedet i morgontimene laurdag (ill.foto: KVB)

Stal motor i Vargavågen

Ein båtmotor har blitt stole i Vargavågen natt til laurdag.

Av: Andris Hamre

Politiet fekk litt over klokka 8 laurdag morgon melding om eit tjuveri i Vargavågen.

– Ein 9,9 hk Suzuki påhengsmotor har blitt stole, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

– Motoren sto på ein River 350 som har blitt dratt på land, der motoren har bli tatt av. Lokalt politi er i Vargavågen på gransking no.

Utover tjuveriet har det vore ei stille natt på Os, det einaste innslaget i loggen er at ein hjort blei påkøyrd på Søfteland.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.