Lokal | 23. apr. 2015

Stal øl for 15-20 000 kroner

Mannen i 30-åra, som er kjend frå Bergen, stal onsdag øl frå to butikkar i Os.

Stal øl for 15-20 000 kroner
Politiet fekk ikkje tak i mannen som stal øl for 15-20 000 kroner (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. apr. 2015 07:15

Bergensmediene har denne vinteren skrive om ein notorisk øl-tjuv som har stole store mengdar øl frå fleire butikkar.

– I går fekk vi melding om ein mann i 30-åra som er godt kjent for politiet. Han er busett i Bergen kommune og kom til Os for å stela øl.

– I to av daglegvarebutikkane har han tatt med seg store mengder øl.

– Til saman snakkar vi om verdiar for 15-20 000 kroner, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Fekk bilnummeret

Mannen gjekk ut av butikkane med ølet uten å gjera opp for seg, sette seg i bilen og køyrde frå staden.

– Vi fekk bilnummeret og var ute for å sjå etter han, men fekk diverre ikkje stoppa han.

– Begge butikkane vil sjølvsagt melde forholdet.

– Men om dette er mannen Bergensavisene har skrive om tidlegare, så har de vel ikkje moglegheit til å straffeforfølga han?

– No veit ikkje eg kva dei har skrive, men han er godt kjent av politiet.

– Det at det kan sjå ut som om han no har utvida aksjonsområdet sitt, må vi prøva å setja ein stoppar for, avsluttar Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.