Sport | 11. apr. 2017

Stal poeng frå gamleklubben i debuten

Vegard Leikvoll Moberg spelte mot Simen Lassen og Fredrik Heggland då Bodø/Glimt besøkte Åsane.

Stal poeng frå gamleklubben i debuten
Vegard i debuten for Bodø/Glimt borte mot Åsane. Osingen Simen Helland Lassen med ryggen til. (Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. apr. 2017 13:25

Tre osingar var i elden i 90 minutt kvar då Åsane tok imot Bodø/Glimt til andre serierunde i OBOS-ligaen søndag.

Fredrik Heggland er ny hos Åsane, og har gjort positivt inntrykk på trenar Mons Ivar Mjelde. Debuten kom i serieopninga (tapte 2-0 for Tromsdalen), også søndag fekk Fredrik spela frå start og alle 90 minutta.

Vegard Leikvoll Moberg fekk ros etter treningskamp med Bodø/Glimt mot Tromsø, men måtte stå over serieopninga grunna infeksjon i eit sår i tommelen. (Serieopninga enda med 3-2-siger over Kongsvinger, som stilte utan osingen Mats Cato Moldskred, som har ein skade).

Søndag spelte Vegard frå start og heile kampen, der Åsane var best og leia 1-0 til kampen var på overtid.

«Deilig» for motparten

I fjor på denne tida var Vegard Leikvoll Moberg og Kjetil Knutsen leiarar for Åsane, Vegard som kaptein, Kjetil som trenar.

– Det var kjekt å vera tilbake og å treffa gamle kjente, men det er ikkje noko du tenkjer så mykje på i løpet av kampen, seier Vegard til Midtsiden.

Ein og annan påminnar fekk han, som då Åsane sin storspelar Kristoffer Nesse Stephensen ropte «det er så deilig» opp i ansiktet på Vegard etter å ha sett inn 1-0.

– Eg toler det. Det er jo Nesse Stephensen, så då tar eg det med ei klype salt, sa Moberg til Åsane Tidende etter kamp.

Tung kamp i ny rolle

Samtidig seier han at han fekk litt vondt av gamleklubben då Bodø/Glimt utlikna på overtid.

– Vi var ikkje på topp og spelte ikkje like bra som mot Tromsø, så det kjentes ut som om vi stal poenga. Men samtidig så følte eg på meg at vi kom til å skåra i løpet av dei siste minutta. Vi sto høgare i banen og eg synest vi viser styrke når vi står på til siste minutt.

Vegard, som dei siste åra har spelt midtstoppar og defensiv midtbane, blei brukt som indreløpar både i trening mot Tromsø og i debuten mot Åsane.

– Eg trivst i rolla, men kjem nok til å gjera det endå betre når eg er i form igjen. Infeksjonen var i eit bagatellmessig sår, men blei så alvorleg at eg måtte på sjukehus. Etter 10-12 dagar utan trening fekk eg to økter før kampen. Det er den første heile kampen eg har spelt sidan eg var i Åsane i juli, så det var tungt.

Vegard har blitt igjen i bergensområdet etter kampen og slapper av på Skorpo. Men etter to dagar med påskeferie reiser han i morgon til Bodø igjen.

Neste runde for Glimt går heime mot Elverum måndag 2. påskedag. Same dag speler Åsane borte mot Start.

• OBOS: TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.