Lokal | 17. apr. 2014

Stal TV

Politiet har førebels ingen kjente gjerningspersonar etter innbrotet i ei leilegheit i Os.

Stal TV
Kari M. Lyssandtorsdag 17. apr. 2014 08:55

I 15-tida onsdag fekk politiet melding om innbrot i ein leilegheit i Os.

- Det har vore grovt tjuveri frå ein bustad, terassedøra var brutt opp og bustaden var endevendt, fortel politibetjent Anne Lyssand.

Eigaren av bustaden har ikkje vore heime, så nøyaktig når innbrotet har skjedd er enno ikkje avklart.

- Det kan ha skjedd mellom tysdag klokka 11 og onsdag klokka 14 og gjerningspersonane har blant anna fått med seg ein TV.

Etterforskinga held fram og politiet vil blant anna gå gjennom filmar frå overvåkingskamera frå området i tidsrommet innbrotet har skjedd.

Utan gyldig førarkort

Onsdag tok politiet ein mann i 40-åra utan gyldig førarkort.

- Han er ein kjenning av politiet og mista lappen tidlegare, fortel Lyssand.

I 14-tida fekk politiet melding om eit vogntog på veg i Hegglandsdalen i retning Os.

- Vegen er ikkje dimensjonert til så store kjøretøy, men vi var opptatt på det tidspunktet og hadde ikkje kapasitet til å rykka ut.

Velta skilt

I halv fire-tida var det eit trafikkuhell på Byvegen.

- Det var berre materielle skader, ingen personskader, og skadeskjema blei fylt ut.

Frå Ulvenflaten kom det melding om nokre 50-sone skilt som var velta.

Politiet har varsla Vegtrafikksentralen om saka.

Brannalarm i Lysefjorden

I Lysefjorden kom ein brannalarm som viste seg å vera bål i ei tønne.

- Tønna var nær huset så det kunne sjå ut som om det var huset som brann, men det var det ikkje.

På slutten av kvelden kontrollerte poitiet ein bil som stod utan skilt i ei lomme langs vegen.

- Bilen stod ikkje ulovleg, men vi vil kontakta eigar i påsken og be han flytta bilen, avsluttar Lyssand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.