Lokal | 13. des. 2014

Stal verdilaus scanner

Stal varescanner frå butikk, blei tatt etter videospor. – Den har ingen verdi for tjuven, men stor verdi for butikken, fortel politiet.

Stal verdilaus scanner
ill.foto: Andris Hamre
Andris Hamrelørdag 13. des. 2014 09:11

I 16-tida fredag ettermiddag fekk politiet melding om tjuveri frå ein butikk i Os.

– Det var stole ein scanner som butikken bruker til å scanne varer og post med.

– Med hjelp av videoovervakinga i butikken såg vi kven som hadde tatt scanneren og oppsøkte han på bustaden.

– Etter ransaking fann vi scanneren og kunne levere den attende til butikken, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Scanneren som har ein innkjøpspris på 17 000 kroner + moms er meiningslaus å stjela.

– Den har ingen verdi for andre enn butikken.

– Som privatperson frå du ikkje brukt den til noko som helst, påpeiker politiet. Tjuven er anmeldt.

Raserte leiligheit

Omlag ein time tidlegare fekk politiet melding om ein person som rasserte leiligheita si.

– I tillegg var han trugande og aggressiv ovanfor andre på staden.

– Han blei henta av politiet og satt i arresten.

– Der sit han framleis på bakgrunn av andre saker han har på seg.

– Vi vil få vurdert moglegheiten til å fengsle han på grunn av desse.

Gav frå seg namnet

Medan politiet var opptatt i arresten i byen fekk dei melding om at ein person hadde tatt varer frå ein butikk på Amfi.

– Der fekk butikken eller vektaren på senteret stoppa vedkommande.

– Dei fekk namnet på personen og vil koma med ei anmelding i ettertid.

Politiet har òg fått melding om ein påkøyrd hund på Hatvikvegen kor eigaren blei kontakta og overtok den mogleg skadde hunden. Natt til laurdag hadde politet òg ein trafikkontroll ved Eran på Byvegen. Det var ikkje notert i loggen kor mange bilar som blei stoppa eller om det blei skrive ut nokre reaksjoner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.