Lokal | 28. okt. 2013

Standhaftig hakkespett

Ein ekte variant av Hakke Hakkespett har vore på vitjing i Kuvågen barnehage. – Heile 5 hol har han hakka i bygget vårt, fortel Marielle Aanes Møgster.

Standhaftig hakkespett
Fredag fekk dei fiksa hola hakkespetten hadde laga. Då dei kom på jobb mandag oppdaga dei to nye hol (privat foto)
Andris Hamremandag 28. okt. 2013 13:14

Den siste tida har ein hakkespett tatt tilhold i Kuvågen Barnehage. Til vanleg er det triveleg å få vitjing, men denne karen har vore av det litt meir slitsomme slaget.

– Vi har den siste tida hatt vitjing av Hakke Hakkespett.

– Det tok litt tid før vi oppdaga han, så han hadde klart å laga heile fem hol i barnehagebygget vårt, fortel styrar Marielle Aanes Møgster.

To nye hol

Fredag i førre veke fekk Aanes Møgster snekrar på plass for å bytt dei borda hakkespetten hadde jobba seg gjennom.

– Trur du ikkje da eg kom på jobb i dag at han hadde hakka oppatt to av dei hola som vi fekk tetta på fredag, ler Aanes Møgster.

Spennande

Kvar avdeling har no fått kvar sin planke med hol som hakkespetten har laga.

– Ungane tykkjer det er veldig spennande, men vi må jo freiste å finna ut kva vi skal gjera slik at han ikkje lagar enno fleire hol i barnehagen, avsluttar styraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.