Åsen - Helleskaret vil knyta lysefjordingane tettare på ny E39. (Kart: SVV)

Står realisering av Åsen-Helleskaret i fare?

Epost frå Statens vegvesen har fått innbyggarar til å undra.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag blei Midtsiden kontakta av ein tipsar som fortalte at det går rykte om at fylksevegen Åsen-Helleskaret, som blei vedtatt i juni 2016, er skrinlagt.

Medlem i «Utval for miljø og samferdsel» i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus frå Os Frp, sa same dag at han kjente til ei prisauke, at han ville sjekka status, men at prosjektet ikkje er skrinlagt.

Prisen var i fjor på denne tida 61 millionar kroner inkludert mva.

Åsen-Halleskaret har planlagt oppstart i år og skal stå ferdig i 2019.

I dag har redaksjonen fått vidaresendt ein epost som har gått ut i samband med at det i helga er stengt på Lyseklostervegen grunna bygging av nytt kryss der fylkesvegen frå Endelausmarka skal koplast på (og seinare gå vidare til Helleskaret).

I denne står det:

Siste status i Åsen – Helleskaret: Os kommune og Hordaland fylkeskommune (HFK) har konkludert med at denne strekningen ikke kan finansieres i denne omgang, så bygging av denne vegen er foreløpig utsatt.

Meldinga er signert Solveig Randi Sløveren i Statens vegvesen.

– Vil følgja opp saka

Bahus seier han både har prøvd å nå rett person i Statens vegvesen og at snakka med rådmannen i Os, Christian Fotland, som vil følgja opp saka over helga.

– Vegen er veldig viktig for Os, den er vedtatt og skal byggast. Det er ikkje uvanleg at eit vegprosjekt blir noko dyrare enn først venta, seier Bahus. 

Åsen-Hellskaret knyter Drange og Helleskaret nærmare E39, gir avlasting for den smale Lyseklostervegen frå Buena til klosterruinane og for Helleskaret-Buena, og den løyser ut fleire store bu- og næringsareal nær Endelausmarka og Lyseparken.

– Os kommune skal forskottera 2/3 av vegen, men vil få inn 40.000 per bueining når grunneigarane får realisert områda sine. Kan kommunen, som kan gå i pluss på heile prosjektet (2000 hus = 80 millionar kroner) koma til å legga ut for differansen?

– Om vegen kan byggast billigare eller om nokon må spytta i meir er noko av det vi kan sjå på. Vegen har høg prioritet og vi vil snu kvar stein for å klara finansieringa no.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nye Flesland

19. august 2017

Les om arkitekturen og kapasiteten - og se liste over de nye butikkene og restaurantene.