Sport | 10. jan. 2018

Starta året med softis i snøen

Turtips • Sjå korleis Turboklubben laga softis ved hjelp av snø.

Starta året med softis i snøen
Turboklubben laga softis i snøen på årets første turkveld (foto: André Marton Pedersen)
Andris Hamreonsdag 10. jan. 2018 13:47

Bildeserie:

Etter ti minutt risting var softisen klar til å helles i koppen (foto: André Marton Pedersen)
Etter ti minutt risting var softisen klar til å helles i koppen (foto: André Marton Pedersen)
Ikkje gløym favoritt-toppingen når du skal på tur (foto: André Marton Pedersen)
Ikkje gløym favoritt-toppingen når du skal på tur (foto: André Marton Pedersen)
Sjølvlaga snø-softis smaka godt, sjølv om det er midt på vinteren  (foto: André Marton Pedersen)
Sjølvlaga snø-softis smaka godt, sjølv om det er midt på vinteren (foto: André Marton Pedersen)
1 av 3

Tysdag hadde Turboklubben i Lysekloster sin første tur i 2018. Det feira dei med å laga søn-softis. Ikkje softis av snø, men med hjelp av kulden frå snøen.

– Har du nokon gang laga softis når du er ute på tur? Det er superenkelt. Alt du greng er fløyte, mjølk, sukker, salt og ein dæsj vaniljesukker.

– Også må du ha tilgang på snø eller isbitar, fortel turleiar André Marton Pedersen.

Turboklubben i Lysefjorden er ein del av Barnas Turlag i os. Annankvar veke er dei ute på tur og har mange gøye aktivitetar saman i nærmiljøet.

– Målet er å lære barna enkelt og naturvenleg friluftsliv. I går satte vi ein spiss på det, då vi laga softis i skogen.

Softis-oppskrifta

Vi fekk André til å gje oss oppskrifta og framgangsmåten. Oppskrifta er André og Henning Haugland-Bergh hos godt.no si.

Slik gjer du det

Ha fløyte, sukker og vaniljesukker i ein dobbel 4 liters frysepose. Knyt igjen, og pass på at det er litt luft igjen i posen, slik at blandinga kan bevega seg under risting.

Fyll ein 6 liters frysepose halvfull med snø, is eller isbitar. Hell i saltet.

Legg posen med fløteblandinga oppi posen med snø, hald godt rundt toppen av posen og rist til softisen er ferdig (omlag 10 minutt). Bruk hanskar, dette blir kaldt.

Hugs at det vil vera mykje salt utanpå posen med softis, så det er lurt å fjerna den ytterste posen, eller skylle/tørke godt av, før isen klemmes ut av posen.

Ingrediensar:

3 dl fløyte
3 dl mjølk
1 dl sukker
1 ts vaniljesukker

Av utstyr treng du:

2x4 liter fryseposer
1x6 liter frysepose
1,5 dl salt (grovt eller fint)
Snø (6 fulle vaksenhender med snø) eller isbiter (50 stk)

Topping

Noko av det beste med softis er jo toppingen, og den kan du velja heilt sjølv. Kva med Non Stop eller kakaopulver? Eller kanskje du liker jordbergstrø betre. Hugs i allefall å pakke med deg di favorittopping. Det vil setta prikken over i-en både på softisen og turen, avsluttar Marton Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.