Sport | 20. aug. 2017

Starta «leiteaksjon» etter at startskotet gjekk

Patrik Døsen-Dahl skulle løpa med onkelen, men blant 66 deltakarar klarte ikkje Andreas å finna 12-åringen.

Starta «leiteaksjon» etter at startskotet gjekk
Andreas Døsen saman med nevøen Patrik Døsen-Dahl, yngstemann som fullførte Osløpet 6,5 km. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. aug. 2017 07:28

Bildeserie:

Nr 45. Då onkel Andreas fekk sjå dette bildet la han seg etter løparane. (Foto: KVB)
Nr 45. Då onkel Andreas fekk sjå dette bildet la han seg etter løparane. (Foto: KVB)
Dei to fullførte saman på tida 36:40. (Foto: KVB)
Dei to fullførte saman på tida 36:40. (Foto: KVB)
1 av 2
Nr 45. Då onkel Andreas fekk sjå dette bildet la han seg etter løparane. (Foto: KVB)
Dei to fullførte saman på tida 36:40. (Foto: KVB)

Då 66 løparar kom susande ut Øyro mot Lundehjørnet, der Midtsiden sto for å ta bilde, var det éin løpar som ikkje såg målretta ut.

Mens dei andre kryssa vegen og heldt fram opp mot Fjellheim og Holtbrekka blei Andreas Døsen springande i ring ved fotgjengarfeltet mens han spurde om nokon hadde sett ein ung got med raud hettegenser.

– Vi hadde avtale om at vi skulle springa i lag, men rett før start så mista eg han. Eg prøvde å finna ut om han var i startfeltet eller om han var ein annan plass og leita etter meg, fortel Andreas.

Ved å skrolla tilbake på Midtsiden sitt kamera fann vi startfeltet og ein ung gut i raudt med nummer 45 på brystet.

• Sjå bildeserie og resultat frå Osløpet

Nest beste under 20 år

– Det var godt å sjå at han hadde klart seg utan meg, seier Andreas om yngstemann i løpet.

Onkelen, som før start var med på å ta 2. plass med stafettlaget sitt, var på etterskot frå start.

Han sette etter løparane opp Holtbrekka, over Moberg og halvvegs ned Mobergsbakken før han tok nevøen igjen. Så løp dei saman resten av det 6,5 km lange løpet.

Patrik fullførte og hadde med 36:40 den nest beste tida av alle under 20 år, uansett alder.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.