Starta serien med 9-0-siger!
Fabian Bødtker skåra fire mål. Trenar Martin Røttingen Eidsvik lover meir show med Os 2 utover i sesongen.
Bildeserie:
I går starta Søfteland sesongen med 2-1-siger overMinde (mål av Tom Gabriel Ø. Rondestveit og Dani A. Bergstø), i dag var det avdelingskollega Os 2 sin tur.
Rekruttlaget til Os har hatt ein god treningsvinter og, med unntak av treningskampane i Tyrkia (mot tyrkisk og rumensk motstand) ikkje sleppt inn mål i ein einaste treningskamp.
Også i dag heldt dei nullen - og skåra plenty!
– Eg har sagt til gutane at så lenge dei viser tolmod og har tempo på ballen så vil dei fleste motstandarane slå sprekker i løpet av kampen. Det repeterte eg før kamp og i pausen i dag, og no fekk gutane oppleva det sjølv, seier den nye trenaren til Os 2, Martin Røttingen Eidsvik.
Fire mål av Fabian og comeback av Egil Thuen
Eidsvik fekk ein knalldebut, Os 2 vann heile 9-0 etter å ha leia 3-0 til pause.
Målskårarar: Fabian Bødtker 4, Egil Thuen 2, Sander Fagerbakke Kvittingen, Kristoffer Røttingen og Anders Havsgård.
Sjå heile troppen på fotball.no
Første omgang blei rik på sjansar. Sander la godt til rette, Fabian blei spelt gjennom fleire gongar, Egil hadde skot i stolpe og Vegard Strønen Skeie heada corner over mål.
Dale, som rykte opp til 5. divisjon i haust, fekk i periodar til spelet sitt og hadde rundt tre sjansar før pause.
I andre omgang fekk Os større utteljing.
Derby mot Søfteland i mai
– Vi vil takka publikum som møtte fram i dag. Held vi fram med den disiplinen gutane viste mot Dale så skal vi underhalda mykje på Kuventræ denne sesongen, seier Martin.
Os 2 har to bortekampar på rad før dei tar imot Osterøy til neste heimekamp.
Sesongens første derby mot Søfteland går på Kuventræ. Datoen er 14. mai.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.