Sport | 07. nov. 2017

Startar bordtennisklubb på Søre Neset

– Målet er å få ei gruppe som er aktive i konkurransar, seier initiativtakar Tor Arne Olsen.

Startar bordtennisklubb på Søre Neset
F.v.: Tor Arne Olsen, Bjarte Aarvik og Kjell Skorpen inviterer til informasjonsmøte på Søre Neset tysdag 21. november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. nov. 2017 08:24

Ein kameratgjeng i 17-årsalderen har fått ein far på Søre Neset til å engasjera seg, no vil Tor Arne Olsen starta bordtennisklubb.

– Dei er ein gjeng på 6-8 stykker som speler ofte, heime hos ulike kameratar. Då sonen min spurde om ikkje det gjekk an å starta ein klubb, så lovde eg å prøva, fortel Tor Arne Olsen.

Han bur eit halvt steinkast frå Søre Neset idrettslag sitt anlegg i Halhjemsmarka.

– Vi får lov å bruka klubbhuset til trening eit par kveldar i veka, og vil nok organisera klubben som ei avdeling under Søre Neset il.

Eit idrettslag i vekst

Både Bjarte Aarvik, leiar i idrettslaget, og Kjell Skorpen, leiar for barne- og ungdomsavdelinga, tar imot det nye tilskotet med opne armar.

– Vi har eit idrettslag i vekst, både i medlemstal og idrettar. Vi har fotball, volleyball og turn, torsdag startar den første handballgruppa opp, og vi har planar om å bygga ein hall her ute, seier Kjell.

– Dess fleire idrettar vi kan by på desse fleire av innbyggarane i krinsen har glede av idrettslaget.

– Må trena for å bli god

Bordtennisklubben skal meldast inn i Norges Bordtennisforbund og målet er ikkje berre å vera ein opphaldsplass, men ein stad der gode bordtennisspelarar blir utvikla.

Både Tor Arne og Kjell blir beskjeden når Midtsiden spør om bordtennis-bakgrunnen deira, men Olsen innrømmer å ha drive som aktiv konkurranseutøvar.

– Eg deltok berre lokalt, og det er mange år sidan. Eg var god, men eg trente også mykje. Bordtennis er som andre idrettar, du må øva og trena mykje for å bli god.

Olsen kjenner til at det blei starta bordtennisklubb på Nore Neset for nokre år sidan (i 2012).

– Etter kva eg har forstått så er det ikkje liv i denne klubben lenger. Eg håper vi kan få god kontinuitet denne gong. Vi skal i alle fall gjera eit ærleg forsøk, og folk frå alle krinsar er naturlegvis velkomne.

Marknadsundersøking og informasjonsmøte

Før klubben får formell oppstart, og det blir investert i bordtennisbord, vil initiativtakar og idrettslag sjekka interessa.

– Vi vil informera via Facebook og med skriv til skulen, og tysdag om to veker har vi informasjonsmøte i klubbhuset.

– Er interessa stor nok så kjem vi fort i gang, seier Olsen.

Kan du reglane?

Visste du at det i bordtennis ikkje er lov å ta ballen på volley, altså slå den tilbake før den har vore i bordet? Eller at det ikkje er grense for kor mange «touch» du kan ha i nettet når du server, og likevel få nytt forsøk?

Vil du oppdatera deg på reglane? Sjå «reglene på 1-2-3» på bordtennis.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.