Susanne Solholm og Frank Haugland blir frå hausten av å treffa på fotballfritidsordninga på Søre Neset (foto: Andris Hamre)

Startar FFO på Søre Neset

Søre Neset IL med nytt tilbod frå hausten. Startar fotballfritidsordning for 3. til 7. klasse.

Av: Andris Hamre

Os Fotball har hatt det i fleire år. Lysekloster har hatt det den siste sesongen. Frå hausten startar også Søre Neset med fotballfritidsordning (FFO) i klubbhuset på Halhjem.

– Det er ikkje slik at vi ønskjer å konkurrera med dei andre, men vi såg at det var eit behov her ute også, så difor beslutta styret at vi skulle starta det opp frå skulestart i haust, fortel Frank Haugland som saman med Susanne Solholm skal driva fritidsordninga.

Takkar Hans og Endre

Haugland har i vår vore på hospitering og "i lære" hos Endre Brenne og FFOen på Kuventræ.

– Det er to mann eg spesielt trekka fram i denne samanhengen. Den første er tidlegare dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält, som var den som fekk det i gang på Os. Det var han som viste at det gjekk ann. Den andre er noverande dageleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne. Han har delt villig vekk no når eg har vore på Kuventræ for å læra.

Fem dagar i veka

FFOen på Søre Neset vil vera open fem dagar i veka etter skuletid.

– FFOen er for elevar frå Halhjem og Lunde barneskular. Elevane frå Halhjem går berre bort hit, medan elevane frå Lunde får tilbod om å bli henta. Så langt har vi mellom 17 og 20 elevar påmeldt kvar dag, men vi har plass til fleire.

– Foreldra kan melde dei på alt frå éin til fem dagar i veka.

Mat, leksehjelp, leik og fotball

Haugland og Solholm lovar å ta seg godt av ungane.

– Når dei kjem hit etter skulen så set vi oss ned og gjer lekser, eller leiker fritt, før vi har eit felles måltid med sunn og næringsrik mat klokka 14.

– Etter det er det skifting og ut på banen for ulike fotballaktiviteter, før vi avsluttar dagen med litt frukt eller tilsvarande som restitusjonsmåltid, avsluttar Haugland.