Sport | 20. jan. 2015

Startar med tre bortekampar

Terminlista til 3. divisjon avdeling 7 er klar. Her er treningskampane og dei første seriemotstandarane til Lysekloster.

Startar med tre bortekampar
Johannes Jordal i kampen som Lysekloster snudde til 3-2-siger. I februar møter han Lyngbø igjen, då i treningskamp på heimebane. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. jan. 2015 14:13

Mens Os opnar borte mot Stord i avdeling 6 skal Lysekloster starta serien med bortekamp mot Sotra i avdeling 7. Begge avdelingane startar laurdag 11. april.

Men Lysekloster får også bortekamp i dei to neste rundane. Årsaka er oppgradering av banen.

– Vi stenger kunstgraset 15. mars. Kor tid vi opnar igjen kjem an på vêret, seier Svein Kollen.

Lysekloster får tippeligastandard på både storleik og dekke når dei aukar banen frå 100 x 60 meter til 105 x 68 meter.

– Grunna reklamasjon på kunstgraset frå 2008 har vi fått eit dekke til 3,5 millionar som vi betaler 1,3 millionar kroner for, fortel Kollen.

Møter Brann 2 heime

Lysekloster startar med bortekampar mot Sotra, Vadmyra og Tertnes. Første heimekamp blir i runde 4 mot Brann 2 måndag 4. mai.

– Vi får ein tøff start, men vi jobbar også godt med å førebu oss på sesongen, seier trenar Ørjan Sandal.

At han får tre bortekampar i starten bryr han seg lite om.

– Det blir tilsvarande kjekt å få fire heimekampar på rad i sommar.

Lysekloster avsluttar vårsesongen med heimekamp mot Bjarg og startar hausten med tre nye heimekampar.

Treningskampar og treningsleir

Lysekloster trener no fire dagar i veka, tre av dei i Vestlandshallen, den fjerde er reine løpeøkt i grupper ut frå kvar spelarane bur.

Rundt vinterferien, frå 18. februar til 1. mars, reiser A-laget på treningsleir i Barcelona, same plass som Os sitt jentelag i 2013 var på leir.

– Det er ikkje lenge til første treningskamp, heller. Dei fleste blir på heimebane seier Sandal.

Her er dei første treningsmotstandarane:
Torsdag 29/1: Lysekloster - Bjarg
Fredag 6/2: Lysekloster - Gneist
Torsdag 12/2: Lysekloster - Lyngbø

– I Barcelona blir det også treningskamp, men det er uvisst kven som blir motstandar.

– Når vi kjem heim, rundt 10. mars, vil vi ha ein treningskamp, og 19. mars, 6 dagar før første kvalifiseringsrunde til NM, skal vi møta Gneist igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.