Næringsliv | 01. juni 2011

Startar opp i Dolviken

Båtens Beste AS overtar Hydrolift sine lokale og opnar Askeladden Center med 17 modellar i utstillinga.

Startar opp i Dolviken
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juni 2011 07:06

«Center for skreddarsøm» skreiv vi då vi i februar fortalte om satsinga på komplett Askeladden-utstilling, også inkludert custom line-serien.

Båtens Beste AS, som frå før har butikk, utstilling og verkstad i Askvik, etablerer no Askeladden Center, ikkje i Askvik, men i Dolviken.

– Vi fekk hand om eit flott lokale i Norsk Båtsenter sitt anlegg og vil med Askeladden Center vera med å revitalisera Dolviken som eit av dei mest spennande båtmiljøa i Bergen, seier dagleg leiar i Båtens Beste, Jonathan Dyrstad.

Lokalet, som tidlegare husa Hydrolift-utstilling, er på 250 kvatmeter.

–Men vi kjem framleis til å ha sal og stor utstilling i Askvik, legg han til.

17 båtar i same utstilling

Fredag opnar senteret, som består av butikk og brygge.

– Dette blir einaste plass i Noreg der heile utvalet frå Askeladden er samla i éi utstilling. Når vi opnar dørene er det med 6 båtar i brygge, 4 på kaien og 7 inne i den nyinnreia butikken.

Ny seljar

Båtens Beste eig og driv den nye avdelinga, er ei rein utstilling- og salsavdeling.

– Vi kjem nok til å ta mesteparten av leveringane frå anlegget i Askvik. Her tar vi også service, vinterlagring og reparasjonar, seier Dyrstad.

Sjølv har han farta ein del mellom Askvik og Dolviken no før opning, men det er nytilsette Sven Kristensen, som blant anna har fartstid i Frydenbø, og salssjef for Custom Line-serien, Kjetil Bjøringsøy, som i hovudsak skal driva Askeladden Center.

Samleside:
Alle sakene våre om Askeladden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.