Sport | 06. juli 2014

Startar supporter-AS

Første spelar er tilsett og leigd ut til klubben, no ser eigarane etter fleire partnarar og støttespelarar.

Startar supporter-AS
Knut Haddal og Hans Parnefält stråler av entusiasme og handlekraft etter å ha stifta Haraball AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. juli 2014 08:13

Mens Brann har Hardball og Softball har Os Fotball no fått sitt Haraball AS.

– Vi blir nok mest lik Softball i storleik og innhald og Hardball blir meir i namnet, seier Hans Parnefält, med referanse til dei to aksjeselskapa som støttar SK Brann.

– Namnet Haraball viser ikkje til vill festing, som mange sikkert forbinder med namnet, men en viss kontrollert galskap blir det, supplerer Knut Haddal

– Vi ønsker å mobilisera og styrka dei kreftene som igjen skal løfte Os Fotball opp i divisjonssystemet. No kan også privatpersonar bidra, legg han til.

Ein solid, men smidig støttespelar

Haddal og Parnefält stifta i mai selskapet Haraball AS og er førebels einaste eigarar.

Os-spelar Mats Cato Moldskred er tilsett i selskapet og blir leigd ut til Os Fotball både i administrasjon, som trenar for fotballfritidsordninga (FFO, Telenor Xtra) og som spelar på A-laget.

– Med eit aksjeselskap som støttespelar står Os Fotball sterkare.

Haraball kan ikkje berre støtta med pengar, vi kan snu oss rundt raskt, handla på kort tid, vera ein tryggleik og vera ein som kan ta ei anna form for risiko enn idrettslaget.

Styret i Os fotball og sportsleg apparat skal på sjølvstendig grunnlag vurdera om, og i kva grad, dei ynskjer å bruka engasjementet som er i Haraball.

Opnar for emisjon

Haddal fortel om auka inntekter for klubben den siste tida, Parnefält føler også at støtta og entusiasmen i bygda er veldig stor. Det blir snakka fotball igjen i bygda og dei to trur det er mange som kan tenka seg å bidra.

– Derfor trur eg ikkje at vi to, ein sunnmøring og ein skåning, blir sitjande åleine som eigarar. Alt Haraball skal bidra med kjem i tillegg til det klubben allereie har. Dei som vil ta del i noko langsiktig og kjekt, er velkomen inn på eigarsida. Eller som rein støttespelar frå utsida, seier Parnefält.

– Ved sidan av innskotne midlar vil vi jobba for å få inntekter, blant anna frå arrangement, kanskje seinare også litt på sal av spelarar. Alt Haraball tener skal gå uavkorta tilbake til klubbens satsing for å nå målet om 2.divisjon eller høgare.

Rollekonflikt?

Hans Parnefält er tilsett som dagleg leiar på fulltid i hovudlaget, Os Turnforening.

Knut Haddal er formann i Os Fotball.

– Kan de halda på stillinga og vervet no som de er eigarar av Haraball AS, eller kan de risikiera å i framtida sitja på begge sider av eit forhandlingsbord mellom klubb og aksjeselskap?

– Sånn vi vil driva Haraball ser eg ikkje for meg nokon potensiell konflikt mellom dei to, Haraball skal fungera som ein rein støttespelar, seier Haddal.

– Eg ser snarare for meg at det vil vera ein fordel at det er nokon som jobbar tett med idrettslaget som også styrer Haraball AS. Men om det ein dag blir vanskeleg så får vi stilla plassane våre disponible for andre.

Held informasjonsmøte

Skal Os nå målet om å vera godt etablert i 2. divisjon innan knappe tre år treng A-laget auka budsjett og eit større støtteapparat rundt seg.

– Vi tar no eit steg i den retningen og håper andre vil vera med oss.

– Vi ser for oss ei første samling for alle interesserte i slutten av august. Då kan vi seia meir om tankane vi har og vegen vidare. Både privatpersonar og bedrifter er velkomne, seier Knut Haddal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.