Lokal | 05. mars 2018

Startar vårsesongen i Strøno

Bokbåten «Epos» startar vårsesongen i Strøno og Vedholmen med «Ulven og dei små geitekillingane».

Startar vårsesongen i Strøno
Bokbåten Epos kjem tysdag til Strøno og Vedholmen (foto: Hordaland Fylkeskommune)
Andris Hamremandag 05. mars 2018 11:36

Rett i underkant av 4500 personar vitja i fjor bokbåten Epos, ein liten oppgang frå året før.

I år startar Epos vårturen tysdag 6. mars med første stopp i Strøno klokka 09.00.

– Bokbåten er lasta med både nye og gamle bøker og lydbøker og kulturelle opplevingar. Både barn og vaksne langs ruta kan gle seg til at bokbåten stoppar på eit stopp nær dei, heiter det i ei pressemelding frå Hordaland Fylkeskommune.

Ulven og dei små geitekillingane

Med på turen er også Ramona Sulen som vil underhelde ombord i båten.

–Sørdelen av fylket får besøk først. På bokbåtstoppa Strøno og Vedholmen blir det underhaldning med Ramona Sulen sin versjon av eventyret Ulven og dei små geitekillingane av Brødrene Grimm. På resten av sørturen underheld Merethe Gauden med «Eventyrmuseet». Sørturen sluttar 16. mars.

Bokbåten er finansiert av Hordaland fylkeskommune. Drifta av båten blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.