Kultur | 13. des. 2017

Stavangerkameratene til Osfest

Første artist til Osfest 2018 er klar.

Stavangerkameratene til Osfest
Stavangerkameratene er første artist som sleppast til Osfest 2018 (pressefoto: Ole Laget)
Andris Hamreonsdag 13. des. 2017 09:00

Osfest blir i 2018 arrangert 10. og 11. august. Artistlista byrjer å nærme seg klar og festivalen slepp i dag dei første artistane.

– Stavangerkameratene kjem til Osfest fredag 10. august. Dette blir den einaste konserten dei skal spele i Hordaland sommaren 2018, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.

Sel fulle hus

Dei fire kameratane har i haust konsertar på Ole Bull Scene i Bergen.

– Tre av dei er utseld, og den fjerde er nesten utseld. Vi gler oss til at dei skal koma til Os.

– Vi legg opp til ein festival i 2018 med eit folkeleg program med mange spennande artistar, lover Hylland.

• Les òg: Håper på rekord

Stavangerkameratene

Sommaren 2015 oppsto det unike samarbeidet i Stavanger då Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland blei spurt om å opptre saman på opninga av volleyball-VM.

Der framførte dei «Vekk meg opp» for aller første gang. Dette er deira eiga norske oversetting og arrangement til Avicii sin megahit «Wake Me Up».

Responsen var så bra at dei bestemte seg for å gje den ut. I juni 2016 slapp dei si eiga låt «Bare så du vett det», som blei ein stor hit på radio med A-listing mellomanna på NRK P1 og gullplate for meir en 7 millionar streams.

Dei fire artistane som utgjer Stavangerkameratene har i tillegg til eigne prosjekt, utgivelser og konsertar blitt kjend for eit stort publikum via TV.

• Kjartan Salvesen vann Idol i 2004
• Tommy Fredvang er kjend frå X-Faktor (2009), MGP (2012), Stjernekamp (2015)
• Glenn Lyse vann Idol i 2007
• Ole Alexander Mæland deltok i The Voice i 2012 og har bakgrunn som vokalist i Elle Melle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.