Sport | 01. apr. 2017

Steen Sæthre blir trenar på Kuventræ

Den tidlegare Lysekloster-spelaren er no engasjert av Os Fotball.

Steen Sæthre blir trenar på Kuventræ
Ståle Steen Sæthre (t.v.), her saman med tilegare lagkamerat Preben Skorpen, på Kuventræ onsdag for å sjå Os 2 vinna 15-0 over Fitjar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. apr. 2017 06:28

Etter 40 kampar og 18 mål på 1,5 sesong i Lysekloster har den energiske og målfarlege angriparen Ståle Steen Sæthre blitt Nest-Sotra-spelar.

Han er ein typisk matchvinnar, som tar ekstra tak når det trengs, og skåra blant anna einaste målet då Lysekloster slo Fana 1-0 og Egersund 1-0 i fjor.

Ved sidan av full satsing som spelar har Ståle også trenarambisjonar.

– Eg har trent lag i ulike årstrinn sidan eg var 18 år, seier Ståle, som fyller 24 på søndag.

Han er i gang også med trenarutdanninga, og tok UEFA B-lisens allereie som 20-åring.

– Då Endre Brenne tok kontakt så kunne eg ikkje seia nei. Det er eit spennande trenarmiljø på Kuventræ, med blant andre Hassan El Fakiri, Endre, Karl Kvile og Tim Henrik Sperrevik. Eg ser for meg at det blir ei lærerik tid med mykje god erfaringsutveksling.

– Tydeleg type som er ekstra flink med ungdom

Brenne fortel at spelarutviklar Frode Lohne Sæle ikkje lenger fekk tid til å vera med på talentutviklinga på Kuventræ, og at han derfor var på jakt etter nye ressursar.

– Eg kjenner til Ståle frå før, ikkje berre som spelar, men eg har sett han på feltet. Han er fagleg kompetent, har mykje energi og er veldig tydeleg.

– No har vi to med UEFA A-lisens (Fakiri og Kvile) og fire med UEFA B (Brenne, Håland, Sperrevik og Steen Sæthre) blant trenarane i klubben.

Ståle skal vera med å trena Os G14 (saman med Dagfinn Nordvik og Stian Nyhus) og Os G15/16 (saman med Tim Henrik Sperrevik, Ivar Johannessen, Ørjan Myrlid og Chris Drange).

På veg mellom Strandvik og Sotra

Ståle seier dette engasjementet passar han bra.

– No skal eg pendla mellom Strandvik og Vinnes, der eg har hus og hytte, og Nest-Sotra. Så får eg ein tur på Kuventræ før eg skal med ferja.

– Eg har vore i rundt 10 klubbar, og blitt trent av mange ulike typar, frå Lars Bohinen til Thomas Sandal. Det har vore lærerikt, eg har sett kva type trenar eg vil bli og ikkje.

• Les òg: Lysekloster sin første sommarsignering (juni 2015)

I tillegg har han reist mykje. I haust og i vinter har han besøkt Atletico Madrid, og han har vore i Polen, England og Italia for å sjå korleis ulike toppklubbar driv.

Ved sidan av engasjementet på Os skal han bidra på Ørjan Sandal sin komande nye fotballcamp på Mallorca.

Kan bli midtstoppar på Nest

Som spelar trivst Ståle i ny klubb. Nest-Sotra har i treningskampar i vinter blant anna spelt uavgjort mot Åsane (3-3) og Fana (1-1), og tapte berre 2-3 for Haugesund.

Steen Sæthre har hatt to skåringar og fire assist i treningskampane.

– Eg ser på meg sjølv som ein angrepsspelar, men Nest-Sotra driver og prøver meg ut som back og midtstoppar. Det er ei omstilling for meg, men eg ønskjer å vera profesjonell og vil spela der trenaren meiner han har mest bruk for meg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.