Fotball | 09. des. 2017

Steget før landslaget

Malin S. Ludvigsen (14) er saman med Vilde D. Veglo (15) og Madelen K. Holme (15) tatt ut til landsdelssamling.

Steget før landslaget
Malin Solstrand Ludvigsen, her på Staoils Talentleir i juni, er tatt ut til landsdelssamling 4. til 7. januar 2018.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. des. 2017 09:55

Bildeserie:

Også Madelen og Vilde er tatt ut til 2002-2003-samlinga.
Også Madelen og Vilde er tatt ut til 2002-2003-samlinga.
1 av 1
Også Madelen og Vilde er tatt ut til 2002-2003-samlinga.

Ho skåra to av måla då Nore Neset vann KM-tittelen med 3-0-siger i finalen i 2016. Same år vann dei Sør Cup, i år har Malin Solstrand Ludvigsen vore med på å ta Nore Neset J14 til både semifinale i Norway Cup (topp 4 av 66 lag) og nok ein KM-finale.

Malin er yngste av tre jenter frå Os som no er tatt ut til landsdelssamling, og som startar 2018 med fire dagar i Østfoldhallen (4. til 7. januar).

«Landsdelssamlingen er det nest øverste nivået i NFFs spillerutviklingsmodell, der neste steg er landslag. Totalt er 50 spillere i hvert årskull tatt ut. Spillerne skal i løpet av samlingen vise seg frem for landslagstrenerne og få skolering med utgangspunkt i fotballforbundets landslagsskole» skriv fotball.no om uttaket.

Også eitt år eldre Madelen Koldal Holme (Sandviken), som i år har spelt fleire kampar for Noreg, og Vilde Drange Veglo (Os), er med i uttaket.

– Vi ønskjer at spelarane skal få referansar og skulering innan det som avgjer fotballkampar. Det som skjer på eigen tredel av banen, i forsvar, og på motstandar sin første tredel, i angrep.

– Det å hindra at motstandaren skaper målsjansar, og det å sjølv skapa sjansar og skåra mål, blir hovudfokus, seier fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland.

Dei tre jentene frå Os var òg på Statoils Talentleir i juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.