Lokal | 13. jan. 2018

Steglet og Hatvikvegen utan internett

– Dei sa det ville ta 2-3 dagar å retta opp, fortel Canal Digital-abonnent.

Steglet og Hatvikvegen utan internett
Canal Digital er på veg for å fiksa linjebrot på Hatvikvegen. 30 abonnentar er ramma. (Kart: Os kommune/Kartios.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. jan. 2018 16:34

Laurdag ettermiddag fekk Midtsiden tips om fiberbrot på Steglet og i Hatvikvegen.

– Eg fekk beskjed om at det kan ta 2-3 dagar før dei fiksar problemet. Det synest eg er dårleg!

– Det er dårleg nett via mobil her inne òg, seier ein abonnent.

Han ringte Canal Digital klokka 15.42, og fekk då beskjed om at han var den første som ringde. Så kontakta han naboen, som ikkje var heime og derfor hadde mobilnett nok til å sjekka internett.

– Då var det allereie fleire i nabolaget som hadde skrive at dei mangla linje.

– Vi har folk på veg!

Midtsiden kontakta Canal Digital sin pressetelefon, som er den same som Telenor bruker, klokka 16.44. Vedkomande skulle sjekka status.

– Det er eit linjebrot ved Hatvikvegen 121. Dei som bur der skal òg ha vore dei første som varsla, seier Roald Orheim, pressekontakt i Telenor.

30 kundar er ramma.

– Vi har entreprenør på veg og håper alle har internett igjen om eit par timar.

Alle dei som er berørte skal no få sms om status.

– Kvifor blei det sagt 2-3 dagar?

– I helgene kan det av og til ta tid, men dette blir altså ordna snarast råd.

Ein av abonnentane varslar at han no har fått sms frå Canal Digital.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.