Kultur | 15. des. 2017

Stemningsfull morgonstund

Video: Starta konsert-maraton med på spre varme ein kald fredagsmorgon.

Andris Hamrefredag 15. des. 2017 10:40

Kongshaugen Musikkgymnas har gjort det til ein tradisjon å invitera til adventskonsertar i Os kyrkje før dei sender elevane heim på juleferie. Like tradisjonsrikt er at dei startar konsertrekka klokka 07.30 med konsert for tilsette i næringsliv og kommune.

– Eg håper de skal få ein liten time saman med oss, kor de berre kan vera tilstades og nyta det, som forhåpentligvis, blir vakker musikk, innleia dirigent Terje Kleppe fredagens konsert.

Høgt nivå

Og vakker musikk blei det. Midtsiden har vore på morgonkonserten dei siste åra, og vi har vel aldri opplevd eit så høgt nivå på solistar og musikarar som vi gjorde fredag morgon.

– Dette er den første av fem konsertar i dag. Har de lyst til å få med dykk eit litt lengre program, så har vi også konsertar i morgon laurdag klokka 16 og 19, fortalde Kleppe.

Variert program

Konserten fredag baud på eit variert program med gospel, vare juleviser som «Jul, jul, strålande jul» og «Mitt hjerte alltid vanker» til store klassiske verk som Händel sin «Halleluja» og «Panis Angelicus».

Det er ikkje berre song elevane ved Kongshaug beherskar. Dei imponerer like mykje som strykekvartett, brasskvintett og ikkje minst som musikalsk følgje til koret.

Programmet avslutta like tradisjonen tru, som sjølve konserten, med «Deilig er jorden». Sjå klipp frå dei fleste av songane i videoen over.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.