Lokal | 16. okt. 2017

Stenger for asfaltering

Heile Midtsætervegen blir stengd på dagtid tysdag og onsdag for asfaltering.

Stenger for asfaltering
Midtsætervegen vil bli stengd frå Lønningdal til Midtsæter tysdag og onsdag denne veka (ill. Os kommune)
Andris Hamremandag 16. okt. 2017 08:39

Tysdag og onsdag blir det ikkje mogleg å køyra til Midtsæter for å ta seg ein fjelltur på dagtid. Den kommunale vegen frå Lønningdal og opp til Midtsæter blir nemleg stengd for asfaltering.

– Vegen vert stengt for gjennomkjøring 17.10 og 18.10 mellom kl. 08:30 – 16:00 grunna asfaltering, heiter det i ei melding frå kommunen.

Om det blir dårleg vêr eller andre uventa vanskar, kan arbeidet bli forlenga. Vegen vil opnast for køyretøy under utrykking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.