Lokal | 15. sep. 2017

Stenger for å få lys

Reset blir stengd for gjennomkøyring i éin månad grunna montering av veglys.

Stenger for å få lys
Reset vil bli stengd for gjennomkøyring frå måndag 18. september (ill: Os kommune)
Andris Hamrefredag 15. sep. 2017 09:13

Frå måndag 18. september stenger kommunen den kommunale vegen Reset for å trafikksikra den med veglys.

– Vegen blir stengd for gjennomkøyring mellom klokka 07:00 og 16:00. Stenginga vil vara ein månad medan arbeidet med montering av veglys pågår. Følg skilting på staden, oppmodar kommunen.

Vegen vil vera open for mjuke trafikantar og vil bli opna for køyretøy under utrykking.

Ved dårleg vêr eler andre uventa vanskar, kan arbeidet bli utsett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.