Lokal | 22. sep. 2014

Stenger i sju veker

Måndag om ei veke startar arbeidet med å rassikra Ole Bulls veg.

Stenger i sju veker
Vegen er open ut denne veka, men frå måndag 29. september blir den stengt i sju veker. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. sep. 2014 14:02

Vegen over Søvikåsen, frå Lyseklostervegen nær Ulven til avkjørsla til Drange og Helleskaret, har i regntunge periodar vore stengt med bom dei siste åra.

Nokre gongar, blant anna i desember i fjor, har det rast stor stein ut i vegen.

Selskapet Inter Handling Fjellsikring AS vann anbodsrunden på å rassikra området ved vegen og måndag om ei veke startar arbeidet.

– Vi stenger den kommunale vegen frå måndag 29. september til 11. november, fortel Hege Bolstad frå teknisk drift i Os kommune.

Arbeidet er vêravhengig og i perdioar der det eventuelt ikkje blir utført arbeid kan det, om vegen er sikra, bli opna for trafikk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.