
Sterk 10. plass
Som dei eineste frå Hordaland spelte Alexander Heggland, Sverre Marcelius og Bent Tore Olsen frå Bjørnefjorden GK Noregscup på Solastrand golfbane i helga.
- Det blei ei tøff utfordring med kraftig vind både lørdag og sundag, fortel Sverre Marcelius.
Godt golfhovud
Ungguten Alexander Heggland blei den av dei tre som takla vindkulene best då han gjekk 3 over par laurdag og 7 over par sundag. Dermed slutta han med +10 slag og ein delt tiande plass.
- Alex har eit godt golfhovud og eit fantastisk nærspel.
- Det er det som bergar han når han hamnar i problem etter dei lange slaga, forklarar Marcelius som sjølv sleit med det motsatte i helga.
- Eg ligg likt med Alex når tre hol står att, men rotar meg vekk i motvinden på dei siste hola.
Marcelius endar på + 17 og 39. plass. Bengt Tore Olsen slit òg i vinden og må innfinna seg med ein 63. plass 27. slag over par.
Ei bane som passar
Dei tre golfarane frå Bjørnefjorden er allereie klare for neste runde i Noregscupen siste helga i mai.
- Den runden går på Borregaard golfbane ved Sarpsborg.
- Det er ei bane som lignar eindel på Bjørnefjorden så eg trur den skal passa oss godt, seier Marcelius.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no