Sport | 21. sep. 2016

Sterk 2. plass i Stavanger

Volleyballdamene til Søre Neset starta sesongen med ein sterk sølvplass i Stavanger. No venter opningsturnering i Haukelandshallen.

Sterk 2. plass i Stavanger
Søre Neset-damene i sving i Stavanger (privat foto)
Andris Hamreonsdag 21. sep. 2016 06:58

Forrige helg var både førstelaget til damene og herrelaget til Søre Neset i Stavanger på sesongoppkøyring.

– Det var greitt å få prøvd seg mot lag frå andre stader i landet, fortel Ingrid Tombre, trenar for førstlaget.

Enkelt gjennom gruppespelet

Damene tok greit gruppesigeren etter å ha slått Kristiansand sandvolleyballklubb 1 U19 2-0 (25-20, 25-19), Farsund 2-0 (25-20, 25-10) og Gneist Agat U19 2-0 (25-17, 25-13).

I semifinalen møtte dei Gneist2 og vann igjen greitt 2-0 etter 25-13 og 25-15.

Finalen blei i følgje rapportane både roleg og intens. Søre Neset vann første sett 25-10 og følte dei hadde grei kontroll, men Kristiansand sandvolleyballklubb 1, som dei møtte i den innleiande runden, viste at dei ville gje osingane kamp og snudde dei to neste setta 21-25 og 12-15.

– Dette var eit lag som var med å vann U17 og U19 NM forrige sesong. Alt i alt ein fin andreplass, oppsummerer Tombre.

Søre Neset stilte med debutanten Carolin Knocke, Patrycja Plata, Amanda Bøe, Ingrid Tombre, Marianne Borgen, Birte H. Vevatne, Rebekka Bjørnarøy og Mari Skogland.

Tøft for herrene

Det relativt nyoppstarta herrelaget, som endte sist i 3. divisjon forrige sesong, fekk det tøft i Stavanger. Sidan det var få lag påmeldt frå 3. divisjon endte dei opp med å spela mot lag frå 1. og 2. divisjon.

Det endte med 2-0 siger over Austrått Oldboys (25-23, 25-22) og tap mot Dristug og Egersund i gruppespelet. I b-sluttspelet endte det med tap i kvartfinalen mot Randaberg og mot TVN2. I kampen om 15. plassen blei igjen Austrått Oldboys slått.

På herrelaget spelte Bård Terje Skogland, Joris Van Der Meijden, Morten Asphaug, Eskil Drange Eriksen, Niklas Lepsøe, Kristian Tysseland, Jarle Berentzen og Åsmund Fagerbakke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.