Sport | 23. okt. 2016

Sterk start på bortebane

– Dessverre skyt vi oss nesten ut av kampen, men førsteomgangen var det beste forsvaret eg har sett av Os, seier trenaren.

Sterk start på bortebane
Madeleine Hjertnes blei toppskårar med seks mål borte mot Gneist. Her er ho heime mot Skrim i september. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. okt. 2016 19:53

Os sitt damelag slo Gneist på bortebane søndag kveld. Gneist sto med to sigrar og to tap før dei tok imot Os, som låg to poeng framfor etter éin kamp meir.

– Førsteomgangen var veldig god, forsvarsmessig det beste eg har sett av jentene etter at eg kom til Os, seier trenar Trond Førde Eriksen.

– I andre omgang sleit vi i 20 minutt. Vi skapte sjansane, men det blei mykje bom.

Vertane var på det beste berre tre mål bak. Os vann med fire.

Gneist - Os 20-24 (7-15)
Os: Vibeke Ingebrigtsen, Madeleine Hjertnes 6 (1 frå 7m), Line Hjelle Berentsen 4 (1 frå 7m), Emilie Halhjem 3, Mia Torp Nielsen 2, Pia Johansen 2, Tonje Hjertnes Rykkel 2, Hilde Kristine Røttingen 1, Thiet Dang 1, Elise Hjelle 1, Malin Hjelle Berentsen, Bente Mjanger og Tiril Grønvigh.

Line Hjelle Berentsen spelte sin første kamp etter at ho kom heim til moderklubben.

– Ho hadde ein god forsvarskamp. Det blei ikkje full klaff med alt det offensive i dag, men ho skårar fire mål og tilfører laget ein ny dimensjon. Eg ser fram til at vi får ho og Pia (Johansen) endå meir samkøyrd med resten. Pia var litt uheldig eit par gongar, men skåra to viktige mål for oss.

Os speler neste kamp heime mot Stryn søndag om ei veke (kl 14).

TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.