Kultur | 20. apr. 2015

Sterke i fylkesmønstringa

Deltakarane frå Os og Fusa leverte sterkt i UKM si fylkesmønstring, men veit ikkje om dei går vidare.

Sterke i fylkesmønstringa
Samarbeidet mellom Irmelin Lygre frå Fusa og dansarane frå Os kulturskule inntrykk på publikum (foto: KVB)
Andris Hamremandag 20. apr. 2015 11:09

I helga blei fylkesmønstringa i UKM arrangert på USF Verftet med ei rekkje gode deltakarar frå Os og Fusa.

– Eg tykkjer alle som kom frå vår mønstring i Oseana gjer ein god figur på Verftet.

– No blir det å leva i spenning nokre dagar før det blir klart kven som går vidare til landsmønstringa i Trondheim i juni, fortel kulturkonsulent i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh.

Nytt i år er nemleg at dei som blir sendt vidare ikkje blir plukka ut på direkten, men etter ei nærare vurdering i etterkant frå UKM-juryen.

– Det er etter eit ønskje om å ta vekk noko av det konkurranseelementet som tidlegare kanskje har prega mønstringane, forklarar Osablod Grønvigh.

Fekk ekstra publikumsmerksemd

Sjølv om kulturkonsulenten er strålande nøgd med deltakarane frå Os og Fusa merka han seg at eit par av dei gjekk meir heim hjå publikum enn andre.

– Det kombinerte Fusa/Os-innslaget med Irmelin Lygre på piano saman med dansarar frå Os kulturskule var eit innslag eg trur publikum merka seg.

– Innslaget var noko for seg sjølv, og eit innslag eg trur vil bli hugsa.

– Sanne Moesgård fekk òg ekstra gode reaksjonar frå publikum, så får vi sjå kva juryen tilslutt bestemmer seg for. Det er mange hensyn dei skal ta, avsluttar kulturkonsulenten.

Fekk du ikkje med deg innslaga då den lokale mønstringa gjekk føre seg i Oseana gir vi deg her eit tilbakeblikk.

Les òg:
Tok Kvelertak på publikum
Smørholm smelta mange hjarte

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.