Kultur | 29. juli 2011

Sterke saman

er tittelen på songen Annveig Myklebust Fjellstad skreiv som ein reaksjon på åtaka i Oslo og Utøya.

Sterke saman
Andris Hamrefredag 29. juli 2011 10:32

Fredag er det ei veke sidan dei grufulle handlingane blei utført av ein einsleg mann i Oslo og på Utøya. Mange har blitt råka av tragedia og latt sorga få utløp gjennom bloggar, dikt eller tenning av lys.

På Os deltok omlag 2000 menneskjer på fakkeltog for å markere si avsky og stå saman i fellesskapet.

Musikarar over heile landet har nytta sitt viktigaste våpen - musikken - til å settje uttrykk på følelsane. Ei av desse er Annveig Myklebust Fjellstad frå Os som kort til etter hendinga skreiv sangen "Sterke saman 22.07.2011".

Annveig spelar mellomanna saman med Anne Solberg Andersson og Stine Kobbeltvedt i gruppa "Songbird" som haldt konsert i Oskyrkja i april.

I sangen gjev ho uttrykk for det som mange har opplevd og følt på den siste veka:

"Uendeleg smerte hos sørgjande mor eller far
Vi har alle mista landet vårt slik det var
Du venta deg hat, men kjærleik er vårt svar
Du er åleine, mens vi står sterke saman"

Utdrag frå sangen kan du sjå og høyra her.

Midtsiden.no har ikkje lukkast å få tak i Annveig fredag, men vel likevel å publisere saka i anledning at det er ei veke sidan terroren fann stad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.