Lokal | 13. jan. 2017

– Sterkt kritikkverdig

E39 Stord-Os: Opposisjonen med kraftig kritikk til Statens Vegvesen for manglande og dårleg informasjon på informasjonsmøte.

– Sterkt kritikkverdig
Terje Sperrevik (TvS) fremja den krasse kritikken av vegvesenet på vegne av opposisjonspartia (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 13. jan. 2017 09:36

Det blei ein lang og omfattande debatt då kommunestyret torsdag handsama høyringsuttala til den statlege planen for E39 Stord-Os. Fire og ein halv time med debatt, 27 innlegg, 40 replikkar og 14 svar-replikkar måtte til før politikarane gjekk til det uvanlege steget å røyste over dei to framlegga til høyringuttale ved namneopprop.

Terje Sperrevik (TVS) fekk æra av å avslutte debatten ved å legga fram ein protokollmerknad på vegne av Ap, Sp, V, MDG, KrF og TVS. (Ein protokollmerknad blir ikkje røysta over, men lagt ved protokollen/vedtaket og følgjer saka vidare i systemet, journ.mrk).

Sterkt kritikkverdig av vegvesenet

Sperrevik peika på manglande informasjon frå Statens Vegvesen i samband med informasjonsmøtet som blei helden i Oseana 8. desember.

– Det er sterkt kritikkverdig at Statens Vegvesen ikkje kom med tilstrekkeleg informasjon i informasjonsmøtet. Ein fekk ikkje presentert ulike konsekvensar og ulike traseval. Faktisk blei ikkje ei einaste kartskisse lagt fram på møtet. Dette ser vi som uheldig og ikkje innanfor plan- og bygningslova sine krav, påpeika Sperrevik som refererte heile merknaden (les den i sin heilskap nedanfor).

Forsvarte vegvesenet

Kommunalsjef Aina Tjosås blei av ordførar Marie Bruarøy (H) beden om å kommentera prosessen som har vore fram til no.

– Ein prosess som dette er eit langt løp frå konsekvensutgreiingar og planprogram, til overordna kommunedelplanar før ein kjem ned på reguleringsplanar, detaljregulering og utbyggingsplanar, forklarte Tjosås.

– Eg må difor få ta vegvesenet litt i forsvar. Vi har hatt møte med dei og dei kjem til å ha kontordagar på Os, men der ein er no, er ein ikkje nede på eit detaljeringsnivå som fortel kva som kjem nøyaktig kor. Hadde vegvesenet lagt fram meir detaljerte skisser, så hadde desse blitt tatt som sannheit. Per i dag har ikkje vegvesenet løysingane. Det kan vera at brua kjem litt til høgre eller litt til venstre, men dei er ikkje på det detaljeringsnivået i dag, difor er det vanskeleg for dei å skulle teikne skisser som favner alt.

Protokollmerknaden frå opposisjonspartia

Følgjande protokollmerknad frå Ap, Sp, V, MDG, KrF og TvS blei lagt ved protokollen:

«I samband med handsaminga av kommunedelplanen for ny E-39 Stord - Os, vart osingane og politikarane i sær, invitert av Statens vegvesen til eit informasjonsmøte om kommundelplanen for nye E-39 Stord til Os. Saka skulle til handsaming som ei høyringssak i desembermøtet i Os kommunestyre.

Dei omtalte partia vil med denne protokollmerknaden, seie klårt i frå om at ein finn det sterkt kritikkverdig at Statens Vegvesen i Hordaland ikkje kom med tilstrekkeleg relevant informasjon i møtet torsdag, den 8.12.2016 i samband med kommunedelplanen for nye E-39, for området bru-festet på Os-sida, trasen ellers i Os mellom anna på Solbakken og Moberg, Kolskogen, Kuventræ og Svegatjørn.

Og ikkje minst, at ein ikkje fekk presentert ulike konsekvensar av kommunedelplanen, t.d. aktuelle traseval på noverande tidspunkt, på det strekket kommundelplanen – E-39 er aktuell i Os kommune. Ja, faktisk vart t.d. ikkje kartskissene som no er på høyring viste fram på informasjonsmøtet.

Fleire i salen sat igjen med masse spørsmål utan å få svar. Dette ser vi som fremmar protokollmerknaden, som svært uheldig og ikkje innanfor Plan- og bygningslova sine krav.

Plan- og bygningslova stiller store krav til god informasjon og medverknad i planprosessar. Spesielt gjeld dette i samband med kommunedelplaner som skal utarbeidast og godkjennast av sentrale myndigheiter.

Vi krev ein mykje tettare dialog og fleire kontordagar i Os kommune med Statens vegvesen ved ein eventuell framtidig prosess med detaljplanlegging og reguleringsplan for E-39 Stord - Os. Her må Statens Vegvesen klara å kopla på aktuelle grunneigarar som vert rørt av vegprosjektet, fleire politikarar i Os og osingane elles på eit tidleg og i eit vedvarande tidsrom.

For alle oss som skriv under denne protokollmerknaden, finn vi det svært vanskeleg til umogleg å sjå at ein kan klara å finne tilstrekkelege gode løysingar og avbøtande tiltak. Løysingar og tiltak som hindrar at den flotte skjergarden i Søre Øyane i Os kommune, vert øydelagt.

Den fantastiske skjergarden i Os er for alle oss som har underskreve protokollmerknaden, ein viktig identitetsbyggjar for osingane. Kobbavågen og området omkring, ser vi som svært viktige natur- og rekreasjonsareal både av nasjonal, regional og lokal verdi. Ja, heile skjergarden i Os kommune ser vi som svært viktig å utvikla på ein skånsam og berekraftig måte.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.