Sport | 27. juli 2015

Stian Lunde (33) tilbake på Os

Han prøvde å legga opp i fleire år, og klarte berre vera vekke ein halv sesong.

Stian Lunde (33) tilbake på Os
Stian Lunde gjer comeback etter eit halvt år i 6. divisjon. Om han blir å sjå med kapteinbind på er førebels uvisst. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. juli 2015 21:59

– Eg klarer ikkje å legga opp, sa Stian Lunde då han i januar 2014 takka ja til å ta sin 15. sesong med A-laget til Os.

Os landa på 6. plass, men var det laget som skåra mest i avdeling 7 i fjor. Kaptein Lunde sette inn 9 av 74 mål.

Nyttårsaftan blei han trebarnsfar, i kveld, etter eit halvt år i 6. divisjon med Nore Neset, bestemte han seg for å takka ja til invitasjonen frå Kuventræ.

Kvalitet og haldningar

I treningskampen laurdag viste Os at dei tar tak i stallen, som i sommar har blitt svekka, og at det dei har på gang er nok til å slå eit topplag i 3. divisjon. I tillegg til at hovudtrenar Hassan El Fakiri har tatt på seg fotballskoa var det fleire spennande og gode spelarar som viste seg, og som kan bli aktuelle for haustsesongen.

– Vi er ikkje ute og jaktar på gamle heltar, men Lunde er noko for seg sjølv. Det oser kvalitet av alt han gjer, sånn har han vore heile fotballkarrieren. I tillegg tar han med seg haldningar som er heilt i tråd med det vi jobbar med å få inn på alle trinn i klubben, seier assistenttrenar og tidlegare lagkamerat av Stian, Ørjan Håland.

Tok tid

Invitasjonen frå Håland kom to-tre kampar før ferien, men Lunde ville i det minste avslutta halve sesongen med Nore Neset, som kjempar om opprykk til 5. divisjon.

– Viktigast var det å sjå om eg fekk kabalen til å gå opp heime, vi har travle dagar med tre ungar. Men no er vår yngste blitt eit halvt år, og vi har kome inn i rytmen. Vi har dessutan god hjelp i besteforeldre som stiller opp.

– Vi lagt opp ein noko tilpassa treningsplan for meg på Os. Den største overgangen blir nok desse lange reisene til bortekampar i Rogaland, seier Stian.

Har halde seg i form

Den tidlegare Os-kapteinen skryt både av leiinga i Nore Neset idrettslag, for måten dei handterte samanslåinga av Nore Neset og Søre Neset, og trenar Arne Sælensminde.

– Det er bra intenistet på trening og mange gode spelarar som fint kunne gjort god figur på høgare nivå.

– Med to økter i veka, kamp og litt eigentrening har eg halde formen grei, men no er eg klar for ei lita opptrapping igjen.

– Lojalitet er sjølvsagt

Han ser fram til å vera tilbake på Kuventræ og håper han kan vera til hjelp for klubben.

– Eg ser at dei har noko bra på gang, men også at dei er i ei omstilling, noko som har prega resultata. Dei har dessverre mista fleire erfarne spelarar dei siste åra, og treng nok litt fleire med rutine.

– At folk legg opp eller trappar ned er ikkje vanskeleg å forstå. Men at nokon i det heile tatt har tenkt tanken å gå til ein naboklubb på same nivå er det einaste som har overraska meg. For meg handlar fotball veldig mykje om sjel og hjarte, lojalitet har alltid vore sjølvsagt, seier Stian Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.