Lokal | 04. apr. 2016

Stille før stormen

Lesarinnlegg, Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden: Alt det me sa ville skje, har skjedd, og ingenting av det me frykta er forsvunne.

Stille før stormen
Når pengar skal sparast blir det neppe på standarden, men på redusert omsyn til naturen rundt Bjørnafjorden, trur aksjonsgruppa. (Ill.: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. apr. 2016 13:13

Kjære osingar!

For eit par veker sidan stoppa ein eldre mann meg i det eg var på veg inn i ein butikk på Amfi OS. Han kom opp på sida av meg og sa med ei litt høgare røst enn normalt er: «Har de gitt dåke?» Med det same vart eg noko usikker på om det var meg han snakka til, eller kva saka handla om, men eg skjønte fort at det var brua over fjorden det var snakk om.

Det har vore stille ei god stund sidan det kokte som mest. Regjeringa har bestemt seg for kvar dei vil E39 skal gå. Det er godt og vel tre år sidan fakkeltoget gjekk rungande mot Oseana, der eit utvida kommunestyre fekk høyra både Vegvesenets og vår – Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden (FMBOB) – versjon av saka.

I mellomtida har me fått «roande» utspel frå ordføraren vår om at her skal skjergarden reddast med tunell frå Bjørnatrynet eller midtfjords til Moberg – alt anna er uaktuelt. Varaordføraren har tidlegare sagt at ho skal lenka seg fast på Gulholmane om ei bru eller motorveg skulle rasera Øyane. Så i utgangspunktet er det ingen grunn til å bråka meir, eller ...?

Ingenting har endra seg sidan FMBOB hadde sitt første møte og laga sine første parolar.

Alt det me sa ville skje, har skjedd, og ingenting av det me frykta er forsvunne. Det gjekk ikkje lange stunda før kommunestyret sitt forslag om landing i Bjørnatrynet vart forkasta. Om det i det heile tatt er vurdert, kan ein faktisk lura på. Poenget er i alle fall at me står igjen med to alternativ til løysing, nemleg tunell under Søre Øyane eller løysing i dagen over same plass.

I det siste har debatten tatt seg kraftig opp att med eit kostnadsbilete som blir meir og meir vannvittig. Før ei løysing eller eit konsept i det heile tatt er utreda, har prisen fordobla seg på tre år. Meir skal det verta, og verre skal det bli.

Fylkespolititikarane har tatt til orde for at standarden må reduserast og kostnadane likeeins. Er det naudsynt med firefelt, eller 110 kilometer i timen? Dette vil halda fram lenge enno, og det uroar oss meir og meir. For ein ting kan me slå fast:

Alle vil ha ei mest mogleg økonomisk løysing, og få vil fira på standarden. For oss som bur i Os er dette dårleg nytt.

Ei innsparing der standarden skal oppretthaldast, medan prisen skal ned, er også oppskrifta på kva som ikkje vert prioritert, nemleg naturen vår. Sjølv om enkelte hevdar at ei tunelløysing vil verta billegare enn open løysing, har me lite tru på dette. Hugs at dei første overslaga frå Vegvesenet viste ei open løysing med «miljøbruer» over land. Seinare har me fått presentert fleire andre «fantasiløysingar», men ingen av desse er til no garanterte.

Me vil og i framtida få «roande» utspel om dette, men dess meir ein reknar og dess meir det nærmar seg, er me redde for at me rykkjer tilbake til start.

«Krisemaksimering» har enkelte kalla utspela våre. Kanskje det, men skal me ta sjansen på at me tar feil?

Vår tillit til lokale «redningsaksjonar» hittil er diverre særs låg.

Me i folkeaksjonen vil difor gjera det me kan for å forhindra at katastrofen skjer. Me vil sloss med nebb og klør til det ikkje er meir å kjempa mot. Me kjem ikkje til å lenka oss fast på Gulholmane – då er det for seint! Men før den tid treng me di hjelp. Alle de som ønskjer å verna fjorden, skjergarden og bygda vår – meld dykk inn i aksjonsgruppa vår (sjå annonse eller besøk oss på Facebook)! For nei, me har ikkje gjeve oss!

Geir-Magne Johnsen Moberg
Leiar i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.