Stipendet ingen ville ha
I fjor var det ingen som ville ha 15.000 kroner, i år, to veker før fristen går ut, står Partas framleis utan søkjarar.
Bedriftene i Os er aktive støttespelarar til det yrande idretts- og kulturlivet i bygda. Partas AS vil, i staden for å sponsa på førespurnad, samla mesteparten av det dei vil gje vekk i eit kulturstipend utøvarar kan søkja på.
– Vi synes det er viktig å bidra til å styrka fellesskapsverdiar og dette er bakgrunnen for stipendet, seier dagleg leiar Knut Haddal.
Men ikkje alle som vil gje støtte har nokon å gje det til, verken i fjor eller til no i år har selskapet fått søkjarar.
– Vi har nok ikkje vore flinke nok til å fortelja om dette. Informasjon om stipendet låg på heimesidene våre, men blei ikkje annonsert så mykje utover det, innrømmer Haddal.
I 2004 starta Haddal revisjonsselskapet Athelas AS. I år blei rekneskapsfirmaet Partas AS etablert. Staben har vakse til fire tilsette.
Stipendet dei starta i fjor, som ingen søkte på, er meint å vera årleg. I år blir det gjeve frå det nystarta firmaet, Partas AS.
– No har mange vore ivrige med å støtta det flotte kulturhuset som er under bygging, og dei mange kunstgrasbanane bygda har fått, så då blir det viktig framover å støtta utøvarane som skal fronta Os som den kulturbygda den er, meiner Haddal.
Partas´kulturstipend er på 15.000 kroner, søknadsfristen er 1. juni i år.
Her kan du lesa meir om stipendet
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.