Marie Henriksen Håland gjorde ein god kamp mot sterke Gneist. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sto godt imot tøff motstand

Os blei hengande etter på heimebane mot Gneist.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag kveld tok Os imot Gneist til sin niande kamp i årets 2. divisjonsserie. Etter å ha skuffa borte mot Bjørnar søndag, løfta Os-damene seg, men ikkje nok til å truga gjestane.

– Gneist er eit godt lag, og truleg det mest komplette laget vi har møtt i år, synest Os-trenar Trond Førde Eriksen.

Gjestane tok sin 7. siger og har berre eitt tap til no denne sesongen.

– Dei består i stor grad av samkøyrde 2000-jenter, som har spelt i lag i årevis, og har tre spelarar på ungdomslandslaget.

Gneist leia 0-3 før Marie Henriksen Håland kom innpå og reduserte til 1-3 og 3-5.  Så hadde Thiet Dang to mål på rad, men Os kom aldri nærmare enn tre mål bak. Kampens toppskårar, Madeleine Hjertnes, hadde tre på rad før pause, men Os låg likevel seks mål bak etter første omgang.

– Eg synest likevel det var ein grei kamp og eit stort løft frå søndag. Vi hadde nokre svake periodar i forsvar, men fekk også til mykje bra. Nora (Berge) og Emma (Lyssand) hadde gode innhopp med nettkjenning. Også Frida skåra mål. Ho har vore veldig god på trening i det siste og vil nok få det endå betre til i kamp utover i sesongen.

Os - Gneist 24-36 (12-18)
Os: Tiril Grønvigh, Marlene Sund, Madeleine Hjertnes 4, Marie Henriksen Håland 3, Elise Hjelle 3, Thiet Dang 3, Mia Torp Nielsen 2, Hilde Kristine Røttingen 2, Line Hjelle Berentsen 3, Nora Berge 2, Emma Sælen Lyssand 1, Frida Sælen Lyssand 1, Irmelin Catharina Munch Lund, Liv Pauline Lunde og Ayleen Hagen.

Os har no tre bortekampar på rad, to av dei før jul. Då møter dei Fana 2 og Åsane frå 7. og 6. plass på tabellen.

– Vi treng poeng no. Eg håper vi tar full pott i minst éin av desse, helst begge, seier Trond.