Lokal | 20. sep. 2017

Stolen i Os - funnen i Fjell kommune

Båten sto framleis på hengar då eigar blei tipsa.

Stolen i Os - funnen i Fjell kommune
Den stolne båten er no henta heim. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. sep. 2017 20:28

Natt til onsdag for to veker sidan blei ein båt stolen i Os.

Båten, ein Ibiza 21 med innanbordsmotor, sto på hengar utanfor Irisgården, rett ved Os lensmannskontor, då den forsvann.

– Eg fekk tips om at båten sto på hengar på ein privat kai i Fjell kommune, fortel eigar.

Eigar av kaien skal ha irritert seg over at båten har stått der i nesten to veker. Det var mannskap om bord på ein fisketråler som tipsa eigar.

Han fekk kort tid etter tjuveriet tips om ein raud bil med hengar og båt som same natt hadde køyrd forbi Lagunen. Eigar var i førre veke hos politiet og identifiserte båt og hengar på bilde frå eit overvakingskamera.

– Båten er no henta, seier eigar, som førebels ikkje veit korleis det går med etterforskinga av saka.

OPPDATERT: Politiet fortel torsdag morgon at dei har spor i saka, men førebels ingen mistenkt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.