Lokal | 01. sep. 2015

Stolen MC funnen etter tips

– Han som stal sykkelen har herja mykje med han, seier eigar, Remy Matre.

Stolen MC funnen etter tips
Kawasakien før og etter tjuveriet. No er sykkelen tilbake i Os og blir i dag undersøkt av takstmann. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. sep. 2015 07:25

Natt til torsdag 20. august blei ein motorsykkel stolen i eit innbrot på verkstaden Thuen og Matre. Det var ikkje ein kunde, men ein av dei tilsette sin Kawasaki 750z som blei tatt i innbrotet.

Ei veke seinare blei sykkelen funnen på Kokstad.

– Eg blei tipsa om at det var ein som hadde skrytt av tjuveriet på skulen.

– Politiet blei varsla og før helga fann dei sykkelen bak nokre bygg i eit industriområde på Kokstad, nær heimen til han som er mistenkt, fortel Remy.

Delvis omlakkert

Sykkelen, som no er på plass på verkstaden igjen, blir i dag inspisert av takstmann.

– Den er delvis lakkert matt svart. Det er tydeleg at han har vore brukt mykje, tjuven har kjørt nesten 1000 kilometer på ei veke, i tillegg er bakdekket nesten svidd av.

Bak på sykkelen er det også montert eit feste til gopro-kamera.

Remy, som kjøpte sykkelen rett før sommaren og no endeleg har fått førarkort klasse A, er glad for at kawasakien blei funnen.

– Har ein mistenkt

Politiet stadfestar funn etter tips og seier saka er under etterforsking.

– Vi har ein mistenkt i saka.

– Han har førebels ikkje vore inne til avhøyr, men vi har sikra nokre spor, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.