Sport | 17. aug. 2010

Stopp i sigersrekkja

Etter seks sigrar på rad blei det tap for Os 2 i ein jamn bortekamp mot Baune måndag kveld.

Stopp i sigersrekkja
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. aug. 2010 21:08

Os 2 spelte haustens første bortekamp mot Baune tysdag kveld. I vår blei det 2-1 siger til Os 2, i kveld vann Baune med same resultat.

Etter seks strake sigrar leia Os 2 med 18 poeng på Baune før kveldens kamp, men i staden for å halda på 3. plassen på tabellen blei det 2-1-tap og ned til 4. plass med 25 poeng, 3 bak Øystese, 4 bak Fyllingen og 7 bak Voss.

- Vi skåra kvar våre mål rett før pause, men det var berre Baune som skåra i andre omgang, fortel trenar Tore Nielsen.

Heimelaget tok leiinga i 44. minutt, Espen Kopperud utlikna minuttet etter. 2-1-skåringa kom cirka 7 minutt ut i andre omgang.

- Espen gjorde ein flott kamp, i tillegg var Mats Lepsøe nær på å skåra etter eit fantastisk soloraid der han fekk ballen 40 meter frå mål, dribla alle og kom seg åleine med keeper.

Os hadde med seg fleire unge spelarar, blant anna Stian Bakke, som debuterte i forsvar frå start. Ungdomane får ros av Nielsen.

- Stian hadde ein fin debut og fleire av dei unge spelarane klarte seg bra i den jamne kampen. Vi styrte store delar av kampen, også etter 2-1-skåringa, og hadde våre sjansar til å ta poeng, men i dag gjekk det ikkje vår veg, dessverre.

Os sitt lag frå start: Kjetil Hansen, Børge Borgen, Anders Glesnes, Mats Lepsøe, Stian Bakke, Vegard Leikvoll Moberg, Christian Almeland, Erik Kanestrøm, Martin Eidsvik, Espen Kopperud og Ramo Racic.

Innbytarar med speletid: Sven Lyssand, Joakim Bjørnevik og Johannes Jordal.

SJÅ TABELL

Os 2 speler neste kamp på heimebane mot Arna-Bjørnar sundag 22. august kl 16.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.