Lokal | 21. juni 2017

Stoppa for bosskasting - fann dop

Politiet fekk tips om bosskasting frå bil over Fanafjellet. I bilen fann dei ulike medikament.

Stoppa for bosskasting - fann dop
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. juni 2017 07:33

Tysdag i 20-tida fekk politiet melding om bosskasting frå bil.

– Det kom mykje boss og mat ut av ein bil på veg over Fanafjellet, frå Bergen til Os, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ein patrulje rykte ut og stoppa bilen i krysset mellom Lyseklostervegen og Langedalen.

– Det var fem unge personar i bilen, ein av dei under 18 år, dei andre litt over. Vi hadde ein samtale med bilførar og passasjer.

Fann dop i bilen

Så blei det oppdaga at det var ulike preparat i bilen, preparat politiet mistenket er ulike dopingmiddel.

– Ein mann i 20-åra, som var passasjer i bilen, er pågripen og sett i arrest, mistenkt for å vera eigar av ulike dopingmiddel.

Verken mistenkte eller bilførar er frå Os.

– Mistenkte skal i avhøyr i dag, opplyser Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.