Lokal | 18. juli 2014

Stoppa etter varsel frå publikum

Ein bilist fekk forenkla forelegg for å køyre for fort, etter at bilisten bak varsla politiet.

Stoppa etter varsel frå publikum
Politiet stoppa bilføraren for kjørte uvettig i Halhjemsområdet. (Bilen på bilder var ikkje involvert i saken torsdag) (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 18. juli 2014 07:44

I 21-tida torsdag kveld fekk politiet melding om uvettig køyring i området ved Halhjem.

– Det var bilisten bak som varsla oss om det han meinte var uvettig køyring.

– Patrulja kom seg i posisjon og fekk stoppa bilisten.

– Han erkjende at han hadde køyrd for fort og fekk eit forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Treng publikum si hjelp

Politioverbetjenten set pris på at publikum varslar når dei ser ting i trafikken som ikkje er som det skal.

– Vi er positive til at folk melder ifrå.

– Målet er å få luka ut uvettig køyring frå trafikken og då treng vi hjelp frå publikum, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.