Lokal | 24. mai 2016

Stoppa i sentrum utan førarkort

Ein jentegjeng blei vist vekk frå ei rundkøyring og ein mann blei tatt for køyring utan førarkort måndag.

Stoppa i sentrum utan førarkort
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. mai 2016 07:57

Måndag litt før klokka 23 stoppa politiet ein bilførar i Os sentrum.

– Vedkomande, som er i slutten av 20-åra, har ikkje gyldig førarkort, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Verken russ eller utdrikkingslag

Mens russetida såg ut til å gå stille og lovlydig for seg i Os i år blei det i går vist vekk ein jentegjeng som oppheldt seg i ei rundkøyring.

– Nei, det var verken forseinka russefeiring eller utdrikkingslag, det er nokre år til denne gjengen er russ, seeir Dyrdal.

Bråk på private festar

Natt til laurdag var det bråk i Øyane etter ein privatfest i ungdomshuset Vårvon.

Etter ein slåstkamp blei det sparka i ein bil.

– Vi ventar inn anmeldelse etter denne episoden, seier Dyrdal.

Også natt til søndag var det nokre tilfelle av bråk på private festar.

– Fleire av dei var vaksen ungdom og vaksne, i private heimar, ikkje i ungdomshus. Det blir ikkje oppretta sak på alt, men vi er uroa for mengda konfliktar og bruk av vald i private festlege lag, og bruker mykje tid på å rykka ut på ulike meldingar om bråk og slåsting.

– Her er det gjerne invitert venar og kjente, men av ulike årsaker utviklar det seg til ein lite triveleg kveld. Nokre enkeltpersonar har problem med å oppføra seg og øydelegg for mange andre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.