Lokal | 13. jan. 2017

Stoppa rusa bilførar - fann hasj

Ein bilførar i 20-åra blei stoppa i Os sentrum torsdag kveld.

Stoppa rusa bilførar - fann hasj
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. jan. 2017 08:16

Torsdag i 23-tida blei ein bil stoppa av politiet i Os sentrum.

– Førar er mistenkt for å ha vore påverka. Han blei tatt med for blodprøvetaking og det er oppretta sak, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mistenkte, ein mann i 20-åra, hadde ikkje førarkort frå før.

– Har mista førarkortet for ei tid tilbake, opplyser politiet.

Det blei i tillegg funne mindre mengder hasj i bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.