Lokal | 22. apr. 2015

Stoppa to ulovlege bål

– Det er stor forskjell på hageavfall og avfall, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Stoppa to ulovlege bål
Etter å ha kommandert sløkking av bålet til venstre i Gymnasvegen gjekk turen til Kuventræ for å sløkka restane av den gamle tribunen. (Foto: Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. apr. 2015 06:34

Frå 15. april til 15. september er det forbode å brenna bål i utmark.

Men dette forbodet, som i hovudsak skal redusera faren for gras- og skogbrann, har lite å gjera med utrykkinga brannsjefen gjorde tysdag kveld.

– Heile året er det forbode å brenna alle typar avfall, bortsett frå hageavfall, altså greiner, kvistar og tørt gras i små mengder. Og dette er berre lov om røyken ikkje er til bry for naboar, seier Stein Gjøsund.

– Anna avfall, inkludert bygningsmaterialar, skal leverast til gjenvinning, ikkje brennast på eit hagebål.

Ville brenna om natta

Tysdag kveld fekk brannvesenet tips om brenning av avfall i ein hage ved Byvegen. Den same adressa har vore til diskusjon på brannstasjonen også måndag, etter fleire tips i førre veke.

– Huseigar sa ho trudde det var lov å brenna avfall, og at ho gjorde det på kvelden og om natta for ikkje å vera til bry for andre.

– Det er forbode å brenna bål om natta, så her gjorde ho vondt verre.

Så såg brannsjefen større mengder røyk frå Kuventræ. Her hadde arbeidarane som bygger ny kunstgrasbane for Os kommune sett fyr på restar av den gamle tribunen på Kuventræ.

– Dei hadde laga eit stort bål av gamle materialar behandla med kreosot.Då dei blei gjort merksame på at dette var ulovleg så tok dei ei gravemasking og tømte eit lass med grus over bålet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.