Lokal | 21. feb. 2017

Stor dugnadsinnsats på Lepsøy og Strøno

På Lepsøy gjorde tre tenåringar reint bord i fjørene, på Strøno blei det rydda både over og under vasskorpa.

Stor dugnadsinnsats på Lepsøy og Strøno
Ungdomane som rydda på Lepsøy var så ivrige at dei nesten ikkje hadde plass til seg sjølv i båten. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. feb. 2017 09:09

Bildeserie:

Gutane rydda i fjøra som blei omtalt for ei veke sidan. (Privat foto)
Gutane rydda i fjøra som blei omtalt for ei veke sidan. (Privat foto)
God fangt etter tre timar med rydding på Lepsøy laurdag. (Privat foto)
God fangt etter tre timar med rydding på Lepsøy laurdag. (Privat foto)
Fem på land og éin i sjøen i Nordstrøno. (Privat foto)
Fem på land og éin i sjøen i Nordstrøno. (Privat foto)
Fridykkaren fann både teiner og syklar. (Privat foto)
Fridykkaren fann både teiner og syklar. (Privat foto)
Laurdag var det rydding i Støno, søndag var kameratgjengen i Ervikane. (Privat foto)
Laurdag var det rydding i Støno, søndag var kameratgjengen i Ervikane. (Privat foto)
1 av 5

I helga var det ryddedugnad i skjergarden i Os. Enkelte blei skuffa over det dei fann, andre blei glade.

• Les òg: Fylte båten med «profesjonelt» avfall og Fann tre flaskepostar!

Mange heldt seg heime i regnvêret, men dei som rydda gjorde ein enorm innsats.

Tre tenåringar tok «problem-fjøre»

Før Os kommune annonserte dugnaden var det ein hytteeigar som tipsa om store mengder plast og anna avfall i fjørene på Nordreneset på Lepsøy.

Tre lokale ungdomar stilte laurdag opp med båt og arbeidslyst.

Sjur N. Skorpen Lepsøy (16), Magnus Borgen (15) og Jon Oskar Døsen (15) plukka full båt med avfall frå Nordrevågen.

– Vi plukka til vi var tomme for posar. Båten blei stappfull, så det var så vidt at vi fekk plass til oss sjølv, fortel Sjur.

Gutane heldt på frå klokka 11 til 14.

– Det var veldig mykje tau og garnrestar i tanga. Vi fann òg ei lita flytebrygge som vi dessverre ikkje fekk gjort noko med.

Rydda under vatn og bak naust

I Strøno stilte ein gjeng på fem for å rydda ved den kommunale kaien i Nordstrøno.

– I tillegg hadde vi ein fridykkar, og han fekk opp seks spøkelsesteiner og tre syklar, fortel Tom Leganger-Hansen.

Laurdagen rydda dei bak alle nausta, i fjøresteinane og under vatn, søndagen gjekk turen til Ervikane.

– Her samla vi to sekkar med plast og tauverk. Vi var langt frå dei einaste på Strøno som hadde rydda, då vi gav oss var konteinaren i Ervikane godt fylt opp, så vi har inntrykk av at mange har vore på dugnad i Strøno gjennom helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.