Lokal | 28. apr. 2016

Stor interesse for sentrumplan

Påmeldinga frå grunneigarane var så stor at kommunen måtte flytta informasjonsmøte frå kommunehuset til Oseanasalen.

Stor interesse for sentrumplan
Ein plass mellom 100 og 150 av grunneigarane på Osøyro møtte då kommunen inviterte til møte om områdeplanen for Osøyro (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. apr. 2016 10:37

Bildeserie:

Ordførar Terje Søviknes fortalde om utfordringane med veksten fram mot 2040 (foto: AH)
Ordførar Terje Søviknes fortalde om utfordringane med veksten fram mot 2040 (foto: AH)
Plansjef Aina Tjosås oppmoda tilhøyrarane om å kome med innspel (foto: AH)
Plansjef Aina Tjosås oppmoda tilhøyrarane om å kome med innspel (foto: AH)
Sakshandsamar Henning Wenaas Ribe forklarte kva ein områdeplan er (foto: AH)
Sakshandsamar Henning Wenaas Ribe forklarte kva ein områdeplan er (foto: AH)
Planområdet slik det ligg per i dag (ill: Os kommune)
Planområdet slik det ligg per i dag (ill: Os kommune)
1 av 4
Ordførar Terje Søviknes fortalde om utfordringane med veksten fram mot 2040 (foto: AH)
Plansjef Aina Tjosås oppmoda tilhøyrarane om å kome med innspel (foto: AH)
Sakshandsamar Henning Wenaas Ribe forklarte kva ein områdeplan er (foto: AH)
Planområdet slik det ligg per i dag (ill: Os kommune)

Måndag inviterte kommunen grunneigarar som blir omfatta av områdereguleringa for Osøyro (sjå kart over). Møtet var planlagt til kommunestyresalen, men interessa var så stor at kommunen såg seg nøydd til å flytta møtet til Oseanasalen.

– Eg beklager at de måtte flytte dykk frå kommunestyresalen til Oseana. Men eigentleg er det berre fantastisk. Det er fantastisk å sjå at så mange engasjerar seg for den vidare utviklinga av Osøyro, helsa ordførar Terje Søviknes (Frp).

I salen sat ein plass mellom 100 og 150 nysgjerrige tilhøyrarar.

Krevande arbeid

Etter ordføraren si innleiing om det arbeidet kommunen så langt har gjort kring utviklinga av Osøyro (AsplanViak sin moglegheitsstudie, arbeid med nytt bygolv, parkeringshus og Europan, journ.mrk) tok plansjef Aina Tjosås over stafettpinnen.

– Det er ganske krevande dette. Vi må spele på lag med dykk som eig dei eigedommane vi skal regulera. Sjølv om vi tenkjer mange kloke tankar på planavdelinga er vi veldig opne for at andre òg har kloke tankar. Dei ønskjer vi at de formidlar til oss.

– Europan var ei interessant øving. Det var veldig mange som kom innom utstillinga vi hadde og alle har eit forskjellig bilete av kva Osøyro er og skal vera. Vi skal ha respekt for at det eg meiner er rett, kan naboen ha ei heilt anna meining om.

– DIfor inviterer vi dykk til å kome med innspel. Korleis skal Os sjå ut når dykkar barnebarn skal bu her. Det er dei store bileta vi er på jakt etter no i starten av planarbeidet, forklarte plansjefen.

Områdereguleringa legg rammene

Planprogrammet er lagt ut på høyring med frist 18. mai for å koma med innspel.

– Ei områderegulering skal seie noko om høgder, strukturer, felles infrastruktur og liknande. Vi ønskjer ein plan som klarar å ta inn over seg eigedomsstrukturen i dag, som er operativ som kan brukast og som gjer det enklare for grunneigarar å samarbeide. Tingslyste avtalar, retter og servitutter har ikkje så mykje å seie for planlegginga, men det kjem inn den dagen konkrete ting skal gjerast og planleggast.

– No er vi i ein idéutviklingsfase. Fram til neste vår/sommar vil vi jobba med dette før vi kjem med bileter og illustrasjoner på korleis det kan bli. Då vil det bli lagt fram fleire ulike konsept og alternativ, forklarte Henning Wenaas Ribe, sakshandsamar på planavdelinga.

Burde området vore utvida?

Planfolka fekk det som dei ønskja. Innspela lot ikkje vente på seg. Fleire av dei heilt ned på konkrete tiltak som opparbeiding av stier, fleire benker i sentrum, bygdetun, museum og bruken av både Mobergsvikjo og Steinneset, men òg av meir overordna karakter no i oppstarten av planarbeidet.

– Når ein ser på området så er det kanskje litt begrensa, burde ikkje meir av Mobergshaugen vore med? Burde ikkje det å gå inn i fjellet med eit parkeringsanlegg vore vurdert. Blir veksten så stor som ein trur, så er eit parkeringshus ved rådhuset faktisk for lite, kommenterte Edel Svendsen Lunde.

– Vi må gjerne få innspel på plangrensene. Grunnen til at vi ikkje har gått meir opp i Mobergshaugen er at det er i Finnebrekka og på den sida vi opplever eit press. Det er mykje ønsker om å utvikla det området, difor har vi gått opp der, men kom gjerne med framlegg om utviding, responderte Tjosås.

– Når det gjeld parkering i fjell, så ligg det faktisk innregulert i reguleringsplanen her ute at ein kan gå inn i fjellet utanfor Oseana, svara Søviknes.

– Hatvikvegen må det gjerast noko med og skal Oselvo vera i sentrum, så må ein sørgje for at den ikkje blir truga av større bebyggelse som hindrar innsyn. I tillegg er det ei utfordring med allemannsrett og ferdselsrett, kommenterte Steinar Trovåg.

– Du er inne på eit viktig poeng. Vi må sjå på prinsippa og kor folk skal vandre og bu. Det er det heile planprogrammet legg opp til, svara plansjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.