Næringsliv | 26. sep. 2014

Store løft på Lyssandfabrikken

I juli var siste arbeidsdag i produksjonen, men det er likevel høgt aktivitetsnivå hos dei få som er igjen for å rydda ut av den 11.000 kvm store fabrikken.

Store løft på Lyssandfabrikken
Onsdag blei 25 tonn løfta av taket, i to omgangar, i går blei 15 nye tonn løfta ned frå Lyssandfabrikken. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. sep. 2014 07:32

Bildeserie:

Produksjonen blei avslutta i sommar, men det er framleis høg aktivitet på Lyssand. (Foto: KVB)
Produksjonen blei avslutta i sommar, men det er framleis høg aktivitet på Lyssand. (Foto: KVB)
Dette anlegget er eit av fleire som sugde spon ut av fabrikken og til siloen for brenning. (Foto: KVB)
Dette anlegget er eit av fleire som sugde spon ut av fabrikken og til siloen for brenning. (Foto: KVB)
Sigmund Thuen går av så han rekk hummarfisket, Egil Lyssand jobbar ut året. (Foto: KVB)
Sigmund Thuen går av så han rekk hummarfisket, Egil Lyssand jobbar ut året. (Foto: KVB)
Også Bjarte Lekven (t.h.) jobbar på Lyssand til fabrikken er tømt. (Foto: KVB)
Også Bjarte Lekven (t.h.) jobbar på Lyssand til fabrikken er tømt. (Foto: KVB)
Sterk kran, men også sterk sveis. Johs Sælen hadde folk på plass for å kappa laus. (Foto: KVB)
Sterk kran, men også sterk sveis. Johs Sælen hadde folk på plass for å kappa laus. (Foto: KVB)
Dagleg leiar Arild Tvedt frå Bergen Montering AS måtte sjølv ut i felten i går. (Foto: KVB)
Dagleg leiar Arild Tvedt frå Bergen Montering AS måtte sjølv ut i felten i går. (Foto: KVB)
Det eine anlegget (t.h.) måtte kappast i to, men det som blei løfta ned i går skal tranporterast vekk og brukast i Sverige. (Foto: KVB)
Det eine anlegget (t.h.) måtte kappast i to, men det som blei løfta ned i går skal tranporterast vekk og brukast i Sverige. (Foto: KVB)
1 av 7

Fredag 4. juli blei siste dag for dei tilsette ved Lyssand Treindustri. 93 arbeidsplassar forsvann, 76 av dei tilsette er frå Os. Men nokre av dei tilsette kom tilbake etter ferien for å rydda ut av den store fabrikken.

– Eg har siste arbeidsdag her på tysdag. Det er i grunn ein passeleg dag å gå av, sidan hummarfisket startar onsdag, humrar Sigmund Thuen.

To kvinner og tre andre menn er framleis i sving og nokre av dei skal jobba på Lyssand ut året.

– Eg har med meg Hogne Lyssand og Bjarte Lekven fram til nyttår, seier Egil Lyssand, som har jobba ved fabrikken i 42 år.

Løfta 40 tonn av taket

Mens damene på huset har rydda ut av alle kontor og arkiv har gubbane demontert utstyr og tømt lokale etter lokale.

– Vi har stått på sidan 11. august. Denne veka var det dei store spon-sugarane på taket sin tur. Dei har blitt bygd ut i fem omgangar så det er mykje som skal vekk.

Den største var 32 meter lang og 25 tonn. Den måtte onsdag delast i to før den kunne heisast av taket.

– Den vi tar i dag er også lang og tung, rundt 15 tonn. De får vi av taket i eitt stykke, så den skal nok fraktast til Sverige for å brukast der. Den vi delte i to må skrotast.

– Det er fleire store maskiner igjen å demontera, men dei står inne. Vi har nok å henga fingrane i framover mot jul.

– Så vidt det går

Smeden Johs Sælen var på plass for å kappa gamal sveis, Bergen Montering kom med ein kraftig mobilkran.

– Vi har det travelt for tida, så eg måtte sjølv på med kjeledressen i dag, seier dagleg leiar Arild Tvedt.

– Dette er ein av dei to største kranane vi har, den løftar 220 tonn. Men med armen heilt ute som no er 15 tonn maks. Men vi har rekna ut at det skal gå.

Framleis sal av vindauge og dører

Ingolf Hjelle er ein av dei tilsette som framleis jobbar for Inwido, i hovudsak i administrasjonen på Midtun, men han har framleis tre dagar i veka på Os.

– Delar av restelageret står her enno og vi sel framleis varer frå fabrikken.

– Lageret er flytta ned ein etasje grunna golvarbeid, men vi får inn 100 dører og 500 vindauge no før helga, fortel Egil Lyssand.

Lyssand Treindustri AS, som er eigd av Inwido Norway AS, har mål om å tøma fabrikken i løpet av 2014, men dei har leigekontrakt fram til 1. januar 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.