Sport | 26. mai 2018

Storebror vann duellen

Brørne Marius og Christian Mikkelsen sto på kvar sin banehalvdel då Os og Austevoll møttes laurdag.

Storebror vann duellen
Brørne Marius og Christian Mikkelsen spelte mot kvarandre då Os tok imot Austevoll laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 26. mai 2018 14:56

Bildeserie:

Denne frå Takle Eide havna i stolpen (foto: AH)
Denne frå Takle Eide havna i stolpen (foto: AH)
Heller ikkje her lykkast Takle Eide (foto: AH)
Heller ikkje her lykkast Takle Eide (foto: AH)
Cardoso ruva høgst (foto: AH)
Cardoso ruva høgst (foto: AH)
Skotet frå Villen gjekk i stolpen og inn (foto: AH)
Skotet frå Villen gjekk i stolpen og inn (foto: AH)
Steffen Ljosheim fossa fram, men skotet blei stoppa (foto: AH)
Steffen Ljosheim fossa fram, men skotet blei stoppa (foto: AH)
Christian freister å stoppa storebror Marius (foto: AH)
Christian freister å stoppa storebror Marius (foto: AH)
Villen legg på til 2-0 (foto: AH)
Villen legg på til 2-0 (foto: AH)
Hafsås runda keeper og satte inn 3-0 (foto: AH)
Hafsås runda keeper og satte inn 3-0 (foto: AH)
Kvittingen heada over på denne (foto: AH)
Kvittingen heada over på denne (foto: AH)
Bødtker fossa gjennom forsvaret to ganger og skårte (foto: AH)
Bødtker fossa gjennom forsvaret to ganger og skårte (foto: AH)
1 av 10

Den duellen gjekk storebror Marius sigrane ut av. Os vann nemleg 6-0 over Austevoll.

– Det var kjekt å spela mot kvarandre, smiler dei to brørne, som begge spelar med nummer 6 på ryggen.

– Det er klart det er spesielt å spela mot bror sin, men det er i allefall ein som er nøgd uansett kven av oss som vinn. Det er pappa, seier Marius Mikkelsen.

Os - Austevoll 6-0 (1-0)
Målskårarar Os: Rafel Villen Villen 2, Christoffer Hafsås, Fabian Bødtker 2, Endre Brenne.
Os sitt lag: Anders Fossen Lunde, Alexander Dale, Harry Moore, Endre Brenne, Marius Mikkelsen, Øystein Takle Eide, Rafal Villen Villen, Christoffer Hafsås, Sander Fagerbakke Kvittingen, Steffen Årseth Ljosheim, Divaldo Cardoso.
Innbyttarar med speletid: Simon Moberg Søvik, Anders Havsgård, Torkel Hjertnes, Fabian Bødtker, Alexander Tøssebro, Martin Eidsvik.

Os best i gang

Os tok føringa frå start i kampen mot Austevoll. Allereie etter eitt minutt var Øystein Takle Eide frampå med eit skot i stolpen. Vel ti minutt seinare skulle Os ha tatt leiinga då Christoffer Hafsås vel kraft i staden for finnesse og brenn ballen over eit ope mål.

Leiinga kom etter 22 minutt då Rafael Villen Villen får ballen frå Sander Kvittingen som legg den ut igjen i feltet. Villen gjer ingen feil og plasserer den via stolpen og i mål.

– Eg tykkjer vi startar bra dei første 25 minutta. Då har vi tempo og trugar både mellomrom og bakrom. Etter det dett vi litt nedpå. Kvifor veit eg eigentleg ikkje, kanskje var det varmen, oppsummerer Marius Mikkelsen.

Målkalas i 2. omgang

Med 1-0 til pause var det nok mange på tribunen som frykta at Austevoll skulle komma på ei kontring og utligna, men slik blei det ikkje. I staden var det Os som festa grepet om kampen.

Først med Rafael Villen Villen som smadrer ballen i mål på volley etter eit skotforsøk frå Ljosheim. Deretter Christoffer Hafsås som blir spelt opp av Villen, vender og løper seg fri før han runder keeperen og set ballen i det opne målet.

4-0 kjem etter 73 minutt når Fabian Bødtker, berre minuttet etter at han blei bytta inn, fosser gjennom forsvaret og skyt under keeper. Austevoll-spelarane var då meir oppteken av å rope på hands på Bødtker enn å følgja han.

Berre minuttet etter er det Endre Brenne som kjem seg fri litt til høgre for mål og set inn 5-0, får Bødtker får æra av å avslutte målkalaset med reprise på det første målet sitt, men denne gongen var det ingen som ropte på hands.

– Vi var tynt med folk i dag og det merka vi nok utover i kampen. Vi starter dårlig og er ikkje på, men etter 25 minutt i førsteomgangen føler eg at vi finn ut av det og får god kontroll defensivt.

– I pausen blei vi eininge om at vi skulle utnytte bakrommet til Os og prøve å få eit tidleg mål, men når det er Os som skårar, så går lufta litt ut av oss, oppsummerer Christian Mikkelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.