Sport | 24. mai 2018

Storfint besøk til Kuventræ

Gunnhild Stordalen og Randuelle kjem til årets Eat Move Sleep-Cup på Kuventræ.

Storfint besøk til Kuventræ
Gunnhild Stordalen og Randulle kjem til EMS-Cup på Kuventræ første helga i juni (foto: Os Fotball)
Andris Hamretorsdag 24. mai 2018 09:47

Helga 1.-3. juni går den tradisjonsrike Eat Move Sleep-cupen (EMS-cup) på Kuventræ med heile 170 lag og meir enn 5000 deltakarar.

– Vi er veldig nøgd med ny toppnotering i antal deltakande lag. Det er ei veldig konkurranse og ein fire fem andre cupar i Bergensområdet den veka, så at vi samlar så mange på Kuventræ er utruleg kjekt, seier Endre Brenne, dagleg leiar i Os Fotball.

I tillegg til lokale lag har fleire lag lengre vekke frå meldt seg på.

– Vi har mellom anna lag frå Øystese i Hardanger og frå Bergen Nord og Flaktveit med på årets cup.

Sceneshow med Gunnhild og Randulle

Os Fotball er ein av tre klubbar som BAMA og NFF har plukka ut som klubbar som det satsast ekstra på.

– Difor får vi i år vitjing av Gunnhild Stordalen, grunnleggjar og president i EAT Foundation og årets gamer Randulle.

– Dette har kome i stand gjennom BAMA/NFF og eg har ikkje heilt detaljane enno, men vi kjem til å rigga ei scene og køyre eit sceneshow mellom klokka 12 og 13 på laurdag 2. juni.

I tillegg vil BAM sin stjernekokk Harald Osa, saman med ordførar Marie Bruarøy, presentere «VegMe», årets hottaste lansering på matfronten.

Bærekraftig cup

Brenne fortel at eitt av måla med årets cup er å arrangere Noregs mest bærekraftige fotballturnering.

– Det blir sjølvsagt servert sunn mat og drikke med eit minimum av plast i serveringa. I tillegg blir det høg fokus på kjeldesortering og generell avfallhandtering under heile cupen, forklarar Brenne.

Deltakarar, publikum og funksjonærar som kjem til cupen utan bil vil bli ekstra belønna.

Os Fotball er utvald av NFF og BAMA som ein av 37 klubbar i Noreg til å vera ein ambassadørklubb for Eat Move Sleep-konseptet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.