Sport | 18. okt. 2013

Større dameklasse og fleire lag

Her er laga, puljeoppsettet og speledag for årets MidtsidenCup, som får 8 fleire deltakande lag enn i 2012.

Større dameklasse og fleire lag
Gufs fra fortiden (tittelforsvarar) og The Warriors, her i semifinalen i fjor, får auka konkurranse i år. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. okt. 2013 14:36

Påmeldingsfristen til MidtsidenCup 2013, som startar med innleiande rundar måndag og onsdag, gjekk ut i går.

På tampen kom det inn fleire lag og det stiller i år 31 lag, mot 23 i fjor.

Alle klassane er større, bortsett frå mixklassen, som er flytta til herrar amatør, med handikap (startar kampen med 1-0-leiing).

Her finn du reglane.

Lag per klasse:
Damer: 6 (4 i fjor)
Herrar amatør: 16 (6 i fjor)
Herrar elite: 9 (6 i fjor)

Blant fjorårets vinnarar er det berre i dameklassen vi får ein tittelforsvarar, Gufs fra fremtiden stiller, men må blant anna bryna seg på vinnarane frå 2011 og 2010, som sto over i fjor; No Name, No Fame.

T Ullrich, som forsvarte tittelen i fjor, er blant dei som "slepp andre til" i år.

Men finalemotstandar FIFA, og Ungdomskilden IL som tok sølv i amatørklassen, er med i år òg.

Midtsiden kjem tilbake med spelarlister per lag, og kampoppsett, i løpet av søndag.

Kampane bli spelte frå 17.30 til 21.30, måndag eller onsdag, avhengig av kva pulje laget ditt har hamna i.

PULJER OG SPELEDAG

Desse går vidare til sluttspel laurdag 26. oktober:

Dameklassen: Alle. Puljevinnarane får walkover til semifinale, 2. og 3. plass frå kvar pulje speler kvartfinalar mot kvarandre.
Herrar elite (oppdatert/retta 21/10): 6 av 9 lag går vidare, 3 beste frå kvar pulje, til mellomspel i 2 puljer laurdag. Dei to beste i kvar pulje går til semifinale.
Herrar amatør: 8 av 16 lag går vidare. Dei to beste i kvar pulje går til kvartfinalar.

DAME 1 - speledag måndag
Fortsatt litt Gufs
Soft Guns
The Røttingens

DAME 2 - speledag onsdag
No Name, No Fame
The Warriors
Klæss of '96

HERRAR ELITE 1 - speledag måndag
FIFA
Ragnarok
Snill og grei
Stutolini
Vågshaugen City

HERRAR ELITE 2 - speledag onsdag
Boingklubben
Dusjkameratene
Fcking Wankers
Tiki Taka

HERRAR AMATØR 1 - speledag måndag
AtleticOs
FC Beken
FK Hanekam-eratene
Os Maskinering

HERRAR AMATØR 2 - speledag måndag
B-Gjengen
Beast from East
Halhjem Drikkelag
Jailbait

HERRAR AMATØR 3 - speledag onsdag
Ex Søre Neset
Liverbirds
Team Lunde
Ungdomskilden IL

HERRAR AMATØR 4 - speledag onsdag
1-2
Black Eagle
Dans på Grasdal
FK Magnorvinduet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.